Mannen som onsdag vart skadd under trefelling i Hovdebygda i Ørsta kommune, døydde av skadane.

- Mannen er erklært død, melder politiet klokka 17.46.

Blir etterforska

Det blir onsdag ettermiddag drive etterforsking på staden og politiet varslar at dei vil vente med å seie noko om kva det er som har skjedd til denne er ferdig.

- Krimteknikarar skal også gjere undersøkingar på ulykkesstaden, og dette skjer først torsdag, seier operasjonsleiar Arild Reite ved Møre og Romsdal politidistrikt til smp.no.

Når det gjeld involverte, så blir desse tatt hand om av omsorgsgruppa til Ørsta kommune, opplyser politiet.

- Det vil seie, vi konsentrerer oss om dei pårørande. Vi har ikkje vore på ulykkesstaden, men knytt kontakt med desse og signalisert av vi vil følgje dei opp, dersom dei ønskjer det, seier leiar for gruppa, Karen Høydal.

Har skjedd utanfor veg

Politiet fekk melding om hendinga via AMK klokka 15.20, og både helsepersonell og politi rykka ut.

- Ulykka har skjedd utanfor veg, og det har blitt arbeidd ei stund med å få mannen ned. Han blir tatt hand om av helsepersonell, fortalde Arild Reite ved operasjonssentralen til politiet til smp.no ved 16-tida. Politiet kunne då ikkje seie noko om kva skader mannen hadde fått.

Om lag ein halv time seinare melde politiet at mannen var floge til Ålesund sjukehus.

- Skadeomfanget er uvisst, heitte det også då.