Politiet i Møre og Romsdal meldte klokka 16.30 på sin Twitter-konto at det har hendt eit trafikkuhell på Nordstrand på Valderøya. En bil med to personar har kjørt av vegen, og nødetatane rykte ut til staden.

Klokka 16.50 meldte politiet at ambulansen er på staden. Dei to personane skal ikkje vere alvorleg skada, og er køyrt på legevakta for sjekk. Bilen blei taua vekk, og sak blir oppretta av politiet.

Ein mann, som ikkje ønsker å ha navnet sitt i avisa, som bor rett ved ulukkesvegen fortel til Sunnmørsposten at dette er tredje gongen han har opplevd at bilar har hatt uhell på den samme staden. Han stod og bygde ein vegg av betong som skulle beskytte huset hans om ein bil nok ein gong skulle ha eit uhell på vegen. Då bilen køyrde utfor, blei han truffe av materiale frå veggen og såvidt av bilen sjølv. Likevel kom han frå det uskadd. Han meiner ein bakke og kurva veg rett før staden kan vere årsaka til at ulukkene.