– I ei tid med ein vanskeleg arbeidsmarknadssituasjon i maritim næring, er offentlege arbeidsplassar ekstra viktige for sysselsettinga på Sunnmøre. Samstundes har vi no vorte kjent med at Lånekassen vurderer å legge ned kontoret sitt i Ørsta. Dette ser vi på som svært uheldig, skriv Aasen.

Han legg til at han har forståing for at Lånekassen må tilpasse seg ein ny digital kvardag.

– Ei nedlegging i Ørsta vil likevel vere eit steg i feil retning i forhold til politiske signal om desentralisering av offentlege arbeidsplassar, skriv Aasen – og meiner kontoret i Ørsta i staden kan tilførast fleire oppgåver frå Lånekassen sine kontor i dei større byane.