Søre Sunnmøre tingrett har dømt ein mann i 20-åra for valdtekt av ei mindreårig jente.

I tillegg er den unge mannen dømd for fleire tilfelle av utuktig omgang mot jenta og ei anna jente.

Må betale erstatning

I tillegg til fengselsstraff på fire og eit halvt år, må mannen betale 125.000 kroner i oppreisingserstatning til den eine jenta og 75.000 kroner til den andre.

Den unge mannen har vedgått utuktig omgang med dei mindreårige jentene, men nektar skuld for tiltalen om valdtekt.

Søre Sunnmøre tingrett har på si side også funne bevis for dette.

Dels pressa

Retten har i skjerpande retning lagt vekt på at tiltalte har utnytta to jenter som var sårbare og betydeleg yngre enn han sjølv.

Trass i at dei ved fleire høve sa klart frå om at dei ikkje ønskte seksuell kontakt, har mannen ifølgje retten teke seg til rette, manipulert dei og dels pressa dei til seksuell omgang.