– Vi snakkar om ein ekstremt god sommar, med ein trafikkvekst på om lag 20 prosent. Og sesongen er ikkje over enno.

Det seier Rolf Sandvik, dagleg leiar i selskapet The Fjords AS, som driv ferjene «Veøy» og «Bolsøy» på Geirangerfjorden.

Og det er talet på personbilar som har auka mest i sommar.

– Særleg er det merkbart fleire bilar frå Sverige og Nederland, fortel Sandvik.Reiarlaget ser no på om det er mogeleg å skaffe meir ferjemateriell til neste sommar. Og på litt lengre sikt ønsker dei seg nye og større ferjer.

– Vi skal i haust i samtalar med nokre skipsbyggarar for å drøfte nye skip, mellom anna fartøy som er meir miljøvennlege enn dei vi har i dag. Men dette er sjølvsagd eit par år fram i tid, legg The Fjords-sjefen til.

The Fjords er eit selskap som er eigd av Fjord1 og Flåm AS, med 50 prosent kvar. I tillegg til å drive ferjer på Geirangerfjorden, så har dei også ferjedrift på Nærøyfjorden og Lysefjorden.

– Kva er forklaringa på den kraftige auken i trafikken?

– Det har nok fleire årsaker. Ikkje minst har Nasjonal Turistveg gjort ein kjempejobb med å ruste opp og bygge nye utsiktspunkt rundt om, slik som i Geiranger og på Trollstigen. Det har betydd mykje for ferjetrafikken.

– Vidare har nok ein del vald Norge framføre andre land i sommar, fordi dei føler at Norge er trygt, tilgjengeleg – og lett å reise rundt i, svarer Sandvik.

Medan Norge opplever stor turistauke, så er det nedgang i land som til dømes Frankrike, Hellas og Tyrkia.

Vanlegvis har turistferjene mellom Geiranger og Hellesylt takka for seg 31. september. I år vil ei av ferjene sigle fram til 31. oktober.

– Det er viktig for turistnæringa å få utvida den såkalla skuldersesongen. Medan vi nordmenn kanskje synest det blir litt mørkt og trist framover, så kan det for mange utanlandske turistar opplevast eksotisk. Ferja på Nærøyfjorden går til dømes alle dagar i året, med unntak av julaftan. 30. desember i fjor måtte vi til dømes seie nei til 80 reisande fordi det ikkje var plass til fleire om bord.

<strong>I STYREHUSET:</strong> Kaptein Bjørn Arthur Godø på bilferja «Veøy» har hatt travle dagar i sommar på Geirangerfjorden. Og nytt av året er det at ferja også har hatt faste besøk av verdsarvprest Morgan Berg.