Treng reparasjonar

Det er behov for omfattande reparasjonar av symjehallen ved Høgskulen i Volda.

25 meter: Idrettsbygget med det 25 meter lange symjebassenget treng sårt ei oppgradering. Studentane på biletet har ingenting med saka å gjere. Arkivfoto: Anne-Mari Tomasgard  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Idrettsbygget til Høgskulen i Volda .  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

Statsbygg har gjort ei byggteknisk vurdering av symjehallen som brukast ved Høgskulen i Volda. Resultat: Det er behov for omfattande reparasjonar, skriv høgskulen på si heimeside.

Eigentleg bør heile Idrettsbygget oppgraderast. Ifølgje huseigar Statsbygg vil det koste mellom 50 og 80 millionar kroner å oppgradere bygget til dagens krav.

Det hastar aller mest å få gjort noko med symjehallen. Høgskulen i Volda har leigekontrakt med Statsbygg til og med 2020, og brukar Idrettsbygget til idrettsutdanningane sine.

Symjehallen er også viktig for studentvelferd, skriv skulen.

Hardt slit dagen lang

Heilt frivillig går studentane Line Løtveit og David Gustavsen Tvetene gjennom ei «helvetes-veke». Sjå introduksjonsepisoden frå tv-serien over.

Opna dørene for nye studentar - og til nyrestaurert bygg

Opna dørene for nye studentar - og til nyrestaurert bygg.