Ingen fusjon – Statssekretær Haugstad har stadig kome med nye stikk om at det vi gjer, ikkje er bra nok, seier Volda-rektor Johann Roppen til Forskerforum. 
            (Foto: ARKIVFOTO: Charlotte Karoline Kvistad)

Ingen fusjon – Statssekretær Haugstad har stadig kome med nye stikk om at det vi gjer, ikkje er bra nok, seier Volda-rektor Johann Roppen til Forskerforum. Foto: ARKIVFOTO: Charlotte Karoline Kvistad

Hardt pressa sjølvstende for Høgskulen i Volda

– Eg lurer på om statssekretær Haugstad nokon gong blir nøgd med oss, seier Volda-rektor Johann Roppen til Forskerforum.

Høgskulane i Østfold, Molde og Volda er blant dei få statlege høgskulane som står att aleine etter dei mange fusjonane i utdanningssektoren.

Høgskulen i Østfold, som er større enn Volda og Molde til saman, vil stå aleine. Det har regjeringa tvilt seg fram til at dei får, seier statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet til Forskerforum.

Samleside: Fleire saker frå Høgskulen i Volda finn du her.

– Usikker på om Volda vil klare nye krav

Høgskulen i Volda (HiVO) må jobbe hardt for å klare seg aleine. Særleg den nye lærarutdanninga kan bli ein bøyg, ifølgje statssekretæren.

– Eg er usikker på om Volda vil klare dei nye krava, som er aller viktigast for å kunne fortsetje som eigen høgskule, seier Haugstad til Forskerforum.

Samarbeid med Bergen

– Etter vår eiga vurdering skal vi klare dei nye krava, svarar rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen, til Forskerforum.

Han seier at statssekretæren stadig har kome med stikk om at det høgskulen gjer, ikkje er bra nok. Høgskulen vil ikkje fusjonere med andre.

Blir professor ved høgskulen:

Oscar-nominert animatør til Volda

Den britiske animatøren Peter Lord, kjent for blant annet «Flukten fra Hønsegården», blir professor på Høgskulen i Volda fra høsten av.


I staden skal skulen inngå i eit tettare samarbeid med Universitetet i Bergen. Samarbeidsavtalen skal vere klar innan kort tid.

– Vi vil heller vere ein sjølvstendig høgskule, enn ein filial i eit større universitet, sa Roppen då han opna det akademiske året ved Høgskulen i Volda tidlegare i haust.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

Milliardprosjekt i Torvik får igjen utsett byggefrist

– Trenerer totalt for andre som vil utvikle noko her

– Eg likar ikkje å klage. Men det er påfallande at ei bedrift får halde det gåande i nærare tolv år utan å byggje noko som helst.

Ylva ruller inn over Nord-Norge

Meteorologisk institutt har utstedt ekstremværvarsel for stormen Ylva i Nord-Norge. Meldingen om uværets første skader kom tidlig torsdag. 

Politiloggen:

Mista førarkortet

Ein bilførar er fråteken førarkortet og politimeld etter å ha køyrt for fort i Skorgedalen i Vestnes.