Reiarlaget Fosnavaag Shipping har allereie lagt ut båten til sals, og fått respons.

– Vi har lagt ut båten til sals. Og vi har fått fleire ulike førespurnader, alle frå utlandet, seier reiar Olav Remøy til Sunnmørsposten.

Éin kystvaktbåt att i Nordsjøen

Frå 20. oktober kan det dermd vere berre éin kystvaktbåt i fast teneste i området mellom Møre og Skagerak, KV «Bergen».

Kystvakta deltek ved redningsoperasjonar og er rigga med oljevernutstyr. Dei mest sentra​le oppgåvene er fiskerioppsyn, miljøvern, søk og redning og tolloppsyn, opplyser Kystvakta. I fjor hadde KV «Ålesund» åleine heile 330 patruljedøgn.

Totalt vil Kystvakta sitje att med åtte havgåande fartøy i norsk farvatn inkludert Svalbard og Jan Mayen. Blant desse er KV «Barentshav», KV «Sortland» og KV «Bergen», alle innleigd frå Fosnavåg-reiarlaget Remøy Management.

– Vi vil så best vi kan støtte opp med andre fartøy frå nord, men vi har marginalt med fartøy, seier kommandørkaptein Steve Olsen i Kystvakta til Fiskeribladet.

Manglar helikopter

Regjeringa meiner innfasinga av kystvakt-helikopteret NH90 vil kompensere for færre kystvaktfartøy. Norge har bestilt åtte helikopter til dette formålet, men dei er ikkje sett i drift.

– Nye helikopter veit vi ikkje vil vere på plass og fullt i drift før i beste fall i 2024, seier Olav Remøy til Sunnmørsposten og legg til:

– Dersom eg skulle ta fiskarhatten på, vil eg seie at utfasinga av kystvaktfartøy kjem fem år for tidleg.

Kan gå raskt å selje

Før sommaren la Forsvarsdepartementet fram langtidsplanen Forsvaret. Då vart det klart at dei vil redusere kystvaktflåten frå 15 til 13 skip.

Stortingets utanriks- og forsvarskomiteen har frist til 4. november med å behandle langtidsplanen. Då kan KV «Ålesund» vere selt.

Ingen av dei interesserte kjøparane har ifølgje Olav Remøy enno vore om bord og sett fartøyet.

ARKIV. Olav Remøy. Foto: Per Ove Stige

– Men å selje båten kan gå fort, seier Remøy, som i går var om bord i skipet då det låg ved kai i Haakonsvern i Bergen.

Torsdag sette fartøyet kurs for eit nytt trevekerstokt i Nordsjøen.

Ikkje krigsskip

Forsvaret har tidlegare fått sterk kritikk for sal av militært utstyr til utlandet. Seks utrangerte motortorpedobåtar hamna etter kvart hos ein såkalla krigsherre i Nigeria. 30 beltevogner har hamna i Sudan, og militære laste bilar er selt til Eritrea.

Olav Remøy meiner KV «Ålesund» ein ein heilt vanleg båt sjølv om dei er spesialbygt for Kystvakta.

– Det er ikkje akkurat krigsskip, dette, seier Remøy.

36 år

Litt vemodig syns Remøy det er å avslutte samarbeidet med Forsvaret. Det er eit 36 år langt kapittel som no ser ut til å vere over for Fosnavaag Shipping. Reiarlaget har stilt kystvaktfartøy til disposisjon for marinen sidan 1980.

KV «Ålesund» vart spesialbygt til kystvaktteneste i 1996 ved Myklebust verft, og sett inn i operativ teneste i Kystvakta året etter.

– Men ein båt er ein båt, legg han til.

Må seie opp folk

– Kva skjer med mannskapet om bord?

– Vi har for tida få alternativ å tilby mannskapet, og har derfor ikkje anna val enn å sende ut oppseiingar. Det er alltid vanskeleg å måtte seie opp folk, spesielt når dei har stått opp til 20 år i same jobb. Alle veit kor vanskeleg arbeidsmarknaden er i dag, men vi håper og trur det vil ordne seg for alle.

– Kva skjer vidare no frå Fosnavaag Shipping si side?

– Fosnavaag Shipping vil jobbe vidare med å selje båten så raskt som mogleg. At kontrakten for båten utløper, har vi vore klar over i alle år, men vi var førebudd på å konkurrere om ein ny avtale. Det som overraskar oss stort er at Forsvaret no i staden vel å bygge ned Kystvakta og redusere kapasiteten i KV Sør dramatisk. Dette går ut over mange ting, og ikkje berre fiskerikontrollar. Kystvakta utgjer også ein svært viktig del av sikkerheitsberedskapen på havet og langs kysten, samt oljevernberedskap. Det er ikkje tvil om at dette går ut over sikkerheita for både fiskarar og andre sjøfolk, seier Olav Remøy.