Det er TV2 som melder om saka torsdag kveld.

Saka har blitt omtalt på TV2-programmet «Åsted Norge» den siste månaden, og det er på bakgrunn av dette at tipsflaumen har auka.

Politiadvokat Yngve Skovly bekreftar opplysningane overfor Smp.no, og fortel at ein del av tipsa er interessante.

Aldri vore lagt vekk

Skovly fortel at saka aldri har vore lagt vekk, men at det har vore stille på tips-fronten lenge. Ifølgje politiinspektøren er det vanleg med ei auke i tipsstrøymen i samband med mediemerksemd. Over 100 tips på under ein månad er likevel mykje.

Fleire av tipsa skal ifølgje Skovly handle om påståtte observasjonar av potensielle mistenkte.

Skovly fortel til Smp.no at det enno ikkje er igongsett avhøyr på bakgrunn av tipsa.

– Eg tør ikkje seie når det vil skje, men vi må prøve å kome i gong med det så raskt som råd, seier han.

– Per no har vi fått oversendt ein del frå TV2, og dette er ting som dei ikkje har hatt moglegheit til å følgje opp i. Så vi får oversendt lydfiler, og så må vi gå gjennom dette.

Frå ein til tre etterforskarar

Dei siste åra har ein etterforskar jobba med å handtere tips i saka. På grunn av det nye tips-tilfanget har dei no auka talet til tre.

– Det som har kome dei siste åra har vore meir sporadisk. Men no har det kome så mykje at det ikkje kan handterast av berre ein person, seier Skovly, og legg til at dette er tre av dei som var med på det opprinnelege etterforskings-teamet.

Det var 8. august 1996 at 20 år gamle Trude Espås forsvann frå Geiranger. Elleve dagar etter blei ho funne drepen like utanfor bygdesentrum. Saka har aldri blitt løyst.

Trude Espås som ble funnet i Geiranger drept i 1996. Foto: Arkivfoto: SCANPIX