Dette gjeld strekningane Hareid-Sulesund og Magerholm-Sykkylven, der drifta for ein ny periode vert lyst ut på tilbod med det første.

Tilbodsdokumenta er ikkje offentleggjorde, men det statlege føretaket Enova opplyser at dei har gitt tilskot på 88,2 millionar kroner til landanlegg som gjer at fergene kan gå på straum.

Støtta sikrar at fylkeskommunen kan stille strenge krav til energibruk og klimagassutslipp i anboda.

– Reiarane bestemmer sjølve kva for teknologi dei tilbyr, men krava i anbodsteksta gjer at vi for Magerholm–Sykkylven kan få tilnærma 100 prosent drift basert på straum frå land, og for Hareid–Sulesund om lag 75 prosent, seier fylkesordfører Jon Aasen i Møre og Romsdal fylkeskommune i pressemeldinga.

I Samferdsleavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune vil dei førebels ikkje kommentere om det er fatta avgjerd om elektriske ferjer på dei to sambanda.

Kommentar: Et samla fylkesting vil ta spranget inn i en ny tid når det skal lyses ut ferjeanbud