Valet stod mellom riksveg 52 Hemsedalsfjellet eller riksveg 7 over Hardangervidda.

– Hemsedal er det alternativet lastebilnæringa i Sogn og Fjordane har kjempa for i alle år, seier Rolf Olav Tenden i Thor Tenden Transport AS i Stryn.

Bakgrunn: Statens vegvesen anbefaler Hemsedalsfjellet

Strynefjellet

TRANSPORTØR: Rolf Olav Tenden er dagleg leiar i Thor Tenden Transport AS i Stryn. ARKIV

Men samtidig håper Tenden at ei satsing på Hemsedalsfjellet ikkje går utover ei nødvendig oppgradering av vegen over Strynefjellet.

– Vårt selskap kjem i framtida til å køyre like mykje over Strynefjellet. Det vil nok også dei fleste andre transportselskap i Nordfjord og på søre Sunnmøre gjere, legg Tenden til.

– Dette er den andre faglege tilrådinga som støttar opp om Hemsedalsfjellet. Så no håpar eg at valet blir lett for dei som skal gjere endelege vedtak. For dette er samfunnsøkonomisk og transportøkonomisk den beste løysinga, meiner Følling.

I Sunnmøre regionråd har dei også fått med seg tilrådinga:

– Eg meiner også at riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er eit betre alternativ enn riksveg 7 over Hardangervidda, seier leiar Anders Riise (H) i regionrådet.

Først på lista

– Men ein ny veg over Hemsedalsfjellet må ikkje hindre utbetringar på Strynefjellet. Riksveg 15 over Strynefjellet må kome før på prioriteringslista.

Hemsedalalternativet har også andre støttespelarar. Tidlegare har nemleg Nordfjord-rådet gått inn for at Hemsedal må veljast.

NHO både i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal går også for Hemsedal.Dei har uttalt at Hemsedal er det mest strategiske og framtidsretta saman med E134 over Haukeli.