Varner Invest blir ein stor aksjonær i Moods of Norway, når dei no kjøper seg inn i selskapet med base i Stryn.

Alle Moods-gründerane og andre aksjonærar blir verende i selskapet som før, heiter det i ei pressemelding.

Satsar på nettsal: Moods of Norway jobbar fram mot ein ny opptur

Flo held fram som leiar

Jan Egil Flo held fram som dagleg leiar og styreleiar i Moods of Norway. Representantar for Varner Invest blir styremedlemmer i selskapet.

– Som alltid skjer det mye spennande i Moods. I sommar kjøpte vi kleskjeden Brandstad med 23 butikkar, så på veldig kort tid har Moods dobla seg i storleik.  Derfor er vi veldig stolte og glade over å få Varner på eigarsida i Moods of Norway, seier Jan Egil Flo.

Og han held fram at no får Moods of Norway både finansielle musklar og tilgang på det han meiner er Norges beste bransjekompetanse.

– Det gir oss ei endå betre plattform for vidare utvikling og vekst. Varner vil tilføre oss mykje viktig erfaring og læring, seier Flo.

Rigga til mykje moro

Med Varner på eigarsida har selskapet skapt det dei meiner er ei svært fleksibel plattform som kan vere med å skape nye innovasjonar i Norsk klesindustri, heiter det i pressemeldinga.

– Varner er ein utruleg triveleg gjeng, og ein bauta i norsk klesindustri. Vi er utruleg glade for å kunne få leike saman med dei. Vi tror at vi saman kan vere med å utvikle klesindustrien i Norge. Det er mange spennande prosjekt på gang, og no føler vi at vi er rigga til å finne på veldig mykje moro framover.  Dette blir stor stas, sier Simen Staalnacke en av gründerne i Moods of Norway.

Varner på si side er full av lovord om Moods of Norway:

– Moods of Norway er ei fantastisk merkevare og eun av Norges største motesuksessar. Dei har vore utruleg ambisiøse, og det har vore inspirerande å følgje ekte norsk gründerånd, seier Marius Varner og legg til at med denne investeringa ønskjer dei å bidra med kapital og kunnskap om tekstilbransjen og kjededrift i Norge og internasjonalt.

Bik Bok og Cubus

Konsernet eig også kleskjeden Brandstad med 23 multi-brand butikkar i Norge.

Varner er eitt av Nord-Europas største motekonsern med nærare 11.000 medarbeidarar og 1.500 butikkar fordelt på åtte land; Norge, Sverige, Finland, Danmark, Island, Polen, Tyskland og Østerrike.

Konsernet består av motekjedane Bik Bok, Carlings, Cubus, Days Like This, Dressmann, Dressmann XL, Urban, Vivikes, Volt, Wow, Levi’s Store, Nike Store, Denim & Supply og A - Z.