Våren 2018 skal NRK sende ein ny dramaserie på sundagskveldane.

Serien «Hjemmebane» skal handle om ei ung kvinne som kjem flyttande til ei lita bygd på Vestlandet med ambisjonar om å bli den beste fotballtrenaren i landet, skriv Vikebladet Vestposten.

Det er Høddvoll som blir heimebane for den fiktive fotballklubben Varg.

Produsent Vilje Hagen seier til Vikebladet at Hødd har teke veldig godt imot dei.

Audition

Fredag neste veke blir det audition på klubbhuset på Høddvoll.

Serien er på jakt etter gutar og jenter i alderen 16 til 20 år.

– Det er jo Ulsteinvik!

Produsent Yngve Sæther, som mellom anna har produsert «Mannen som elsket Yngve», har kone frå Ulsteinvik.

Då Sæther fekk sjå manus, tenkte han: – Dette er jo Ulsteinvik, skriver Vikebladet.