Ljønibbtunnelen blir saman med ein tunnel i Nord-Norge peika ut som dei to tunnelane i landet der alle rutinar for tryggleikskontroll har svikta, konkluderer Riksrevisjon i si detaljerte gjennomgang av i alt 41 tunnelar.

Den 3,1 kilometer lange tunnelen ved Hellesylt, som blei teken i bruk i 1962, manglar ein oppdatert beredskapsplan, det er ikkje gjennomført brannøvingar, det er ikkje gjennomført periodisk inspeksjon og tunnelen har berre ei delvis dokumentert risikoanalyse, skriv Riksrevisjonen i rapporten.

- Det er stor variasjon i kor systematisk tryggleiks-forvaltninga er ved dei utvalde tunnelane. Det går fram at alle dei undersøkte prosessane er på plass for 16 av tunnelane. Dette vil seie at planverk er oppdatert, at risikoanalysane dekkjer risikobiletet for tunnelen, og at det er gjennomført brannøvingar.

For 24 tunnelar er éin eller fleire av prosessane ikkje gjennomførte, og av desse er det ein tunnel der ingen av prosessane er gjennomførte, skriv Riksrevisjonen.

Innfjordtunnelen, Måndalstunnelen, Rotsethorntunnelen og Ellingsøytunnelen manglar dokumentasjon på gjennomført brannøving

I eit svar til Riksrevisjonen erkjenner Vegregion Midt at dei manglar ferdig utvikla rutinar og prosessar for å drive eit systematisk tunneltryggleiksarbeid.

Det er ei EU-forskrift som gjer at Norge må gjennomføre ei omfattande oppgradering av dei mange tunnelane her i landet. Riksrevisjon er kritisk til framdrifta.

- Ein kan stille spørsmål ved om Samferdselsdepartementet har følgt opp iverksetjinga av tunneltryggleiks-forskrifta godt nok, sett i lys av det store talet tunnelar som må oppgraderast, og at prosjekta blei sette i gang sju år etter at forskrifta blei sett i kraft, påpeikar Riksrevisjonen.