Smp.no fekk ved 12-tida, torsdag fleire tips om at det pågjekk ei eller anna form for utrykking i Geiranger.

Ifølgje tipsa var både ambulanse og ambulansehelikopter på veg mot Kvanndal.

Smp.no var i kontakt med AMK-sentralen, men fekk der beskjed om at dei då ikkje haddde moglegheit til å kommentere saka.

Litt før klokka 13.30 opplyser kommunikasjonsavdelinga til Helse Møre og Romsdal at det dreier seg om eit helseoppdrag og at utrykkinga ikkje skuldast ei ulykke.