Traséen Kartet viser traséen for tunnelen som vegvesenet ønskjer seg (den raude linja). Den vil då starte like ved Folven og før svingane tek til på vestsida av fjellet. Kart: Statens vegvesen

Traséen Kartet viser traséen for tunnelen som vegvesenet ønskjer seg (den raude linja). Den vil då starte like ved Folven og før svingane tek til på vestsida av fjellet. Kart: Statens vegvesen

Tilrår lang tunnel på Strynefjellet

Statens vegvesen tilrår at det blir bygd ein 16,6 km lang tunnel frå Skåre i Stryn til Breidalen på Strynefjellet, og ein 7,6 km lang sidetunnel til Opplendskedal ved Geiranger.

Det sa Tone Oppedal, avdelingsdirektør i Statens vegvesen Region Vest, på eit vegseminar i Geiranger måndag. Dette er det såkalla B1-alternativet.

Den lange tunnelen til ca. 3,8 milliardar kroner skal avlaste dagens smale tunnelar på riksveg 15 over Strynefjellet. Tunnelen vil få tre felt, altså krabbefelt.

(saka held fram under)

Kryss Tunnel fra Opplendskedal ved Geiranger får kryss inne i fjellet med ny tunnel over Strynefjellet.

Kryss Tunnel fra Opplendskedal ved Geiranger får kryss inne i fjellet med ny tunnel over Strynefjellet.

Les også: Nye planar for heilårsveg til Geiranger

Påkoplinga til ein 7,6 km lang tunnel til mot Geiranger skal skje i eit t-kryss i tunnel. Denne sidearma skal gje Geiranger heilårsveg, og vil koste 1,6 milliardar kroner. Denne tunnelen får ikkje så stor trafikk at det er krav til krabbefelt.

Tone Oppedal i Statens vegvesen
(Foto: Terje Engås)

Tone Oppedal i Statens vegvesen Foto: Terje Engås

- Vi har vore skeptisk til eit slikt kryss inne i fjellet. Men vår gjennomgang viser at dette er ei fullt mogleg løysing. Ved å slakke på stigninga der krysset skal liggje blir også sikkerheita betre, seier Tone Oppedal.

Alternativ til E39 og E136

- Ei løysing med oppgradering av vegen over Strynefjellet, og med ei arm til Geiranger, vil lette på trykket til E39 og E136.

Det seier fylkesordførar Jon Aasen (Ap). Han innleia vegseminaret i Geiranger måndag.

Aasen seier at den nye vegløysinga vil avlaste ferjesamband, og den vil styrke konkurransekrafta til eksportindustrien på søre Sunnmøre.

- Dessutan vil ein kunne betre utnytte potensialet til både Kvivsvegen og Eiksundsambandet, seier Jon Aasen.

Les fleire nyheiter frå Indre på smp.no

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg. Ditt fulle navn må enten gå fram av epost-adressen eller oppgis som brukernavn/Facebook-profil

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

Vekslende vær lørdag:

Slik blir det under bålet

Lørdag bærer preg av byger, men når Slinngsbålet tennes klokka 21.00 ser det ut til å bli opphold. - Og kanskje et lite solglimt!

Fra klokka 19.00:

Direktesending fra Slinningsbålet

Lørdag tennes Slinningsbålet, Sunnmørsposten og Bypatrioten sender direkte fra Slinningen fra klokka 19. Svart skjerm? Prøv en annen nettleser enn Explorer.

Nattsvart sinn i sommerlyset:

Ensomheten tar ikke ferie

Hva gjør du nå? Kanskje stopper du opp og skriker mot himmelen. Kanskje lar du panna falle inn mot nærmeste stødige trestamme og kanskje, stående slik, gråter du en innbitt, ærlig gråt, som bare fuglene i trekrona over deg kan høre. Eller kanskje synker du sammen mellom gras, siv og greiner.

[ helgapraten ]

– Eg fekk eit bilde av kor enormt dette faktisk er

Når ei dame blir ingeniør, så meiner ho noko med det, seier ein tidlegare arbeidsgjevar.

Slik trener du effektivt med lav intensitet:

– Du får både kondisjon og styrke

Blir du utslitt av å svømme 25 meter? Det er enkelt å gjøre noe med.