Det sa Frants Gundersen i Transportøkonomisk Institutt (TØI) på vegseminaret i Geiranger denne veka.

Der lanserte Statens vegvesen ein 16,6 km lang tunnel som erstattar dagens tunnelar.

– Ein ny tunnel betyr spart tid for næringslivet. Det betyr også tryggare veg, sa Gundersen.

Sikker og alltid open veg

TØI har spurt næringslivet på Nordvestlandet, som svarer at sikker og alltid open veg til Austlandet er det viktigaste.

– Dei svarer også at dei ikkje er spesielt redde for bompengar, legg Gundersen til.

Geiranger

Vegvesenet lanserte også ei sidearm til Geiranger.

TØI trur dette vil gje 60.000 nye overnattingar og dobla omsetning.