I ei pressemelding fredag morgon går Sunnmøre regionråd hardt ut mot det nye Nødnettet, som vart tatt i bruk i første halvdel av 2015 i Møre og Romsdal.

– 29. januar 2016 traff stormen Tor Sunnmøre. Med Dagmar fra 2011 friskt i minnet, viste stormen Tor seg likevel å vere langt mildare i skadeomfang enn frykta. Likevel opplevde naudetatene utfall av Nødnett i ein stor del av regionen i sørfylket. Utfalla varierte i omfang og lengde for dei kommnuane som var berørt. I mange av dei berørte kommunane var kommersielle nett oppe i same periode som Nødnett fall ut. Rapportar utarbeidd i ettertid syner at Nødnett er for lite robust under ekstremvêr og peikar på at det er naudsynt med tekniske forbetringar, meiner Sunnmøre regionråd.

Dei meiner erfaringane viser at det kan sjå ut som at utstyret ikkje er kraftig nok. I tillegg er det viktig med gode reserveløysingar og tilstrekkeleg forsyning av reservestraum, påpeikar styreleiar Jan Ove Tryggestad og dagleg leiar Jan Kåre Aurdal i pressemeldinga.

Også beredskapssjef Hans Olav Ose i Helse Møre og Romsdal uttalte at AMK sleit med å oppnå kontakt med ambulansar og legar i vakt over Nødnett under ekstremvêret i januar. Heldigvis var ikkje mobilnettet nede.

Rapport: Nødnettet er sårbart for ekstremvêr

Samstundes skriv Regionrådet at Nødnettet fungerer slik det skal i dei fleste tilfeller, men når det fell ut i ekstreme situasjonar, når ein treng det mest, så er det ikkje godt nok og kan i verste fall føre til at innbyggarane ikkje får den hjelpa som trengs.

– Sunnmøre Regionråd meiner at eit sikkert Nødnett er avgjerande viktig med omsyn på eit sannsynleg tøffare klima og meir ekstremvêr i framtida. Vi ber om at det vert prioritert tilstrekkelege økonomiske ressursar til vidare utvikling av Nødnett i regionen, heiter det.

Solid oppetid

Sjølv om Nødnettet er sårbart for ekstremvêr, uttalte direktør Tor Helge Lyngstøl i Direktoratet for Nødkommunikasjon (DNK) til smp.no i juni at oppetida var på 99,95 prosent i fjor.

Nødnettet leiger linjer frå kommersielle teleoperatørar. Lyngstøl sa at det er ei samfunnsutfordring at teleinfrastrukturen er lite robust.

– Det hjelp ikkje med reservestraum på basestasjonane i Nødnett viss linjene vi leiger ikkje fungerer, meinte Lyngstøl.

Han sa også at det var eit tankekors at vi baserer oss på landets teleinfrastruktur som byr på problem under ekstremvêr.

DNK jobba i juni med løysingar som automatisk kan gjeninnkoble basestasjonar ved utfall.