Ein motorsykkel stakk av frå ein laserkontroll i Hornindal i Sogn og Fjordane fredag kveld.

Motorsykkelen passerte lokalt politi i høg fart, så høg at politifolka ikkje klarte å ta registreringsnummeret på motorsykkelen.

— Sykkelen forsvann i retning Sunnmøre, via Kvivsvegen. Politiet på Sunnmøre vart kontakta, men han vart ikkje funnen, opplyser Bengt Næss, operasjonsleiar i politiet i Sogn og Fjordane til smp.no.

Ved 23.00-tida i går var motorsykkel-føraren framleis på frifot.

Politiet ber folk ta kontakt, dersom dei har opplysningar om registreringsnummer på sykkelen.

— Korleis ser motorsykkelen ut?

— Det gjekk såpass fort at det einaste politipatruljen klarte å registrere var at den var mørk. Farta var langt over det som kvalifiserer til førarkortbeslag, opplyser Bengt Næss.

MC-føraren var ikkje den einaste som køyrde fort i Nordfjord fredag kveld.

Politiet i Sogn og Fjordane hadde, med hjelp frå UP, kontrollar i Hornindal og Markane.

Tre bilførarar miste lappen, høgaste fart var 125 km/t i ei 80-sone i Markane.