Rådmannen positiv til planane om nytt mediehus:

– Volda har unik sjanse

– Vi har ein sjanse som kanskje aldri kjem tilbake, seier Volda-rådmann Rune Sjurgard.

RÅDMANN Rune Sjurgard utfordrar poltikarane i Volda. Arkivfoto: Knut Arne Aarset 

– Toget går no

Rune Sjurgard
Campus Volda
  • Høgskulen i Volda treng nytt bygg for medieutdanninga og har invitert kommunen til samarbeid.
  • Kommunen har lenge arbeidd for ny kinosal/konsertsal.
  • Sentrum treng og ny idrettshall, og Høgskulen har tomt.
  • Samarbeidet kan og føre til at det vert kunnskapssenter i Ivar Aasen-bygget, som er det eldste bygget på det som før heitte Distriktshøgskulen i Volda.
Nyheter

Volda kommune og Høgskulen diskuterer om dei skal samarbeide for å byggje nytt mediehus på Høgskuleområdet.

– Høgskulen må ha eit slikt bygg for å henge med i utviklinga. Samstundes er det ein unik sjanse for kommunen til å realisere ein kino og konsertsal, der staten tek halve kostnaden, seier Rune Sjurgard.

Eit forslag til intensjonsavtale om samarbeid mellom Høgskulen og kommunen skal no opp til politisk handsaming.


Avtale om Campus Volda

Høgskulen i Volda og Volda kommune er ferdige med eit forslag til intensjonsavtale om utbygging av Campus Volda.

 

I saksutgreiinga set rådmannen utbygginga inn eit større perspektiv.

«Landet er inne i eit svært viktig tidsskilje. Det vert større kamp mellom byane og distrikta. Dei lokalsamfunna som klarer å omstille seg, og frigjere handlingsrom til å ta større grep om samfunnsutviklinga vil truleg vere dei som står seg og får positiv utvikling og tilflot av kompetanse og innbyggjarvekst», skriv rådmannen.

Sentralisering

Høgskulen er ei hjørnesteinsbedrift i Volda, og ein viktig regional institusjon, påpeikar rådmannen.

Som for sjukehusa er det stadig press frå sentralt hald mot forholdsvis små einingar i distrikta.


Planar om nytt mediebygg ved høgskulen:

Ordføraren: – Vinn-vinn for Volda

Planane om mediebygg med konsert- og kino sal fekk god mottaking i Volda kommunestyre.

 

Samstundes satsar Universitetet i Bergen tungt på medieutdanning i eit nytt bygg, saman med TV2 og NRK.

– Dersom ein ikkje nyttar høvet til å satse på tidsmessige lokale og tilrettelegging for medieutdanninga i Volda, så vil Høgskulen i Volda tape konkurransen, seier Rune Sjurgard.

Den statlege finansieringa kan skje ved å bruke pengane som uansett skal gå til husleige for Høgskulen.

Innan 1. januar 2021 skal leigeavtalane med Statsbygg fornyast.

Dersom kommunen skal delta, og med det få seg det som i praksis vert eit nytt kulturhus, må det reagerast raskt.

– Toget går no, seier rådmann Rune Sjurgard.

Han har tidlegare vore i rådmann i Herøy, der kommunen samarbeidde med næringslivet for å realisere store prosjekt.

– Volda har ikkje så sterkt næringsliv som i Herøy, men vi har staten, seier Rune Sjurgard.

– Har kommunen råd til dette?

– Det er politikarane som skal prioritere, og det går også parallelle prosessar for å peike ut den økonomiske kursen knytt til budsjett- og økonomiplanprosessen, der politikarane kan velje, seier Rune Sjurgard.