I kontrakta er det sett minstekrav om fem nye ferjer. Tre av fartøya skal ha ein kapasitet på 120 personbileiningar på sambandet Hareid-Sulesund.

To fartøy med kapasitet på 120 personbileiningar skal på sambandet Sykkylven-Magerholm, heiter det i ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Samferdselssjef Arild Fuglseth i Møre og Romsdal fylkeskommune seier det er stilt strenge minstekrav på miljøsida, i tillegg til at dei som legg inn anbod konkurrerer på låg miljøutslepp og pris.  Enova har gir eit tilskot på 88,2 millionar kroner til landanlegga.

Det er sett som krav at det skal gå ferje kvart 20. minutt i kjernetida på begge sambanda.

Kontraktane vil gjelde frå januar 2019 og ut desember 2030 for Hareid-Sulesund,  - og januar 2020-desember 2030 for Sykkylven-Magerholm.

Frist til å levere anbod er 12. desember.

Kommentar: Et samla fylkesting vil ta spranget inn i en ny tid når det skal lyses ut ferjeanbud

Kva meiner du om krava som er sett? Bruk kommentarfeltet