Under Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda kan du m.a. lære om kva bilde du har lov og ikkje lov å dele i sosiale medium.

– Ifølgje datatilsynet syndar vi nordmenn mykje på dette området, seier førsteamanuensis Ellen Lexerød Hovlid, ved avdeling for mediefag. Ho har doktorgrad frå 2014 med tema «Vern av privatlivets fred», og har mellom anna skrive om skilnaden på private og offentlege ytringar.

Samtykke

. Når det gjeld publisering av bilde i offentlege kanalar er det Åndsverklova § 45c som gjeld – både for pressa og for vanlege folk.

– Hovudregelen er at om du vil publisere eit bilde av ein annan person på t.d. Facebook eller Instagram, så skal du ha samtykke frå personen det gjeld. Det er nokre unntak, som nårbildet har allmenn interesse, eller om det er av ei stor folkemengd, forklarer Hovlid.

Bot og fengsel.

Brot på Åndsverklova kan føre til at ein vert dømd til å betale oppreising til fornærma, og i yttarste konsekvens kan ein verte dømd til fengsel.

– Ifølgje dei som forskar på sosiale medium, spør vi nesten aldri kvarandre om lov til å publisere eit bilde. Dei sosiale normene er heller slik at om nokon tek opp mobiltelefonen sin for å fotografere, så må ein seie tydeleg frå om ein ikkje vil at bildet skal hamne på nettet, seier Hovlid. Ho understrekar at når det gjeld barn under 15 år, så må ein ha løyve frå foreldra for å kunne publisere eit bilde i ein offentleg kanal. Ei lukka Facebook-gruppe med meir enn 20–30 personar er også å sjå på som offentleg.

Læring

– Vi er framleis i ein læringsfase når det gjeld sosiale medium. I dag er nesten alle publisistar, og det tek tid å lære reglane. Opplysing generelt og fokus på nettvit i skulen er viktige tiltak, seier Hovlid.

Du kan høyre henne snakke meir om dette temaet måndag på dagtid i Berte-Kanutte-huset, Høgskulen i Volda. Under Forskingsdagane kan ein også teste dei fysiske grensene sine gjennom intervalltrening på sykkel, ein kan oppleve den Oscar-nominerte animatøren Peter Lord, høyre på føredrag om Donald Trump, eller om grensesetjing av uavgrensa IT. Og mykje meir. Heile programmet er å finne på www.hivolda.no/forskingsdagane

<strong>Tradisjon:</strong> Også i år blir det matkultur-dag på Volda Bygdetun under Forskingsdagane. Bildet er frå 2014. Foto: Arkivfoto: Anne-Mari Tomasgard