– Eg hadde ikkje tenkt at det vaks noko farleg på plenen min, seier hundeeigaren, Vibeke Engeland Løkling på Nordfjordeid.

Løkling bur nær skogkanten, og det veks ulike typar sopp på plenen hennar.

– Vår sjarmør Timmy døydde litt over tre månader gammal, etter forgifting av sopp. Eg klarte ikkje få alt ut av munnen hans før det var for seint, fortel ho til Sunnmørsposten.

Silketrevlesopp Dette er hundeeigaren sitt eige bilde av soppen frå hagen. Det var truleg silketrevlesopp som tok livet av hunden hennar. Foto: Privat

Få veker tidlegare hadde familien fått seg kvalpen Timmy, av typen Cavalier king charles spaniel. Den var blitt tre månader og rundt to kilo.

Vart svært sjuk

– Det gjekk 20-30 minutt, så kom symptoma på at her var det noko gale. Diaré, smerter og kraftig sikling frå munn og tåring frå auga. Vi var hos dyrlegen innan 10 minutt, fortel ho.

Ho seier dyrlegen prøvde så godt dei kunne å redde hunden.

– Eg snakka med ein soppeksperten, som trur det er silketrevlesoppen som var årsaka til forgiftinga. Den er også giftig for oss menneske, for den inneheld muskarin. Ut frå storleiken på kvalpen og tida det tok frå forgiftinga skjedde, så er det mest truleg denne, seier Løkling.

Ho syns det var frykteleg å sjå kvalpen lide slik den siste timen sin.

Kom opp bitar med sopp

– Det kom opp fleire bitar med sopp då vi fekk den til å kaste opp, seier veterinær Janne Os, som var på vakt ved Eid veterinærkontor den kvelden.

Berre kort tid etter omkom hunden på klinikken.

Hundeeigaren fortel at ho i ettertid har funne fleire soppar med skiver på undersida i hagen sin. Dette er ofte gifte soppar, seier ho.

Ikkje vanleg

– Eg har aldri vore borti dette før, seier veterinær Janne Os. Det same seier veterinær Gro Rege på veterinærkontoret.

– Hunden var tre månader. Den var kanskje så ung at den ikkje hadde lært at dette kunne vere farleg, seier Os.

Ny kvalp i vente

Vibeke Engeland Løkling fortel at ho etter få dagar har ordna seg med ny kvalp.

– I går fekk eg glede barna mine med at eg har ordna med ny kvalp. Vi har fått avtale om å hente oss ein ny kvalp, Linus, fortel Vibeke Engeland Løkling på Nordfjordeid.