OPPDATERT MANDAG KVELD: Ein tankbil med drikkevatn vil stå på ved rådhuset frå 18.30 til 21.30, melder kommunen på sine heimesider.

Skodje sentrum og bygdene Fylling, Engesetdal (aust), Valle og Glomset er utan vatn, opplyser kommunen. Dermed er dei aller fleste av kommunens nærare 5.000 innbyggjarar ramma.

Teknisk sjef Frode Helland reknar med at dei treng tysdagen før alt er i orden igjen.

– Til omsorgssenteret, barnehagane og skulane kjøper vi inn drikkevatn. Vi plasserer også ut vassdunkar på toaletta der. Og på fellesfjøset på Skodjereitane har vi allereie fått på plass ein tankbil, seier Helland til smp.no.

Kommunen er tydeleg på servicesida.

– No vil vi ta kontakt med Storfjord Hotell og spørje korleis vi kan hjelpe dei, seier Helland måndag ettermiddag.

Ikkje gravearbeid

Han veit ikkje korleis brotet har skjedd.

– Vi registrerte eit himla vassforbruk, og det var lett å finne brotet, som er på Fylling. Det er ikkje utført gravearbeid, så langt kommunen kjenner til, seier Helland.

– Vassleidninga vart lagt for nærare 40 år sidan, og det kan vere slitasje som har gjort det. I natt vil vi legge ny leidning forbi staden, seier teknisk sjef Frode Helland.

Sjekk heimesidene til kommunen for siste nytt om saka (ekstern lenke)