Stranda brannvesen rykka tidleg tysdag morgon ut, etter at en automatisk brannalarm utløyste ved ei bedrift i Stranda sentrum.

Møre og Romsdal 110-sentral melde om alarmen på Twitter klokka 05.20, og litt før klokka 06 fekk smp.no opplyst at brannvesen og folk frå bedrifta hadde vore på staden ei stund, men at det så langt ikkje var funne noko som tyda på at det faktisk brant.

Etter kvart vart det konkludert med at alarmen skuldast ein teknisk feil, og brannvesenet kunne avslutte på staden.