Etter ni månader i Norge hadde han enno ikkje vorte kalla inn til asylintervju hos UDI.

Det rolege livet på asylmottaket i Volda vart uuthaldeleg.

Onsdag kom svaret frå Utlendingsdirektoratet (UDI), melder Nærnett: Han får bli.

Dermed kan også familien, som oppheld seg i Libanon, få kome til Norge.

– Før kunne eg aldri tenke på morgondagen. I dag kan eg byrje å planlegge, tenke framover, og setje i gang arbeidet med å få familien min hit, seier Asem til Nærnett.

Asem er utdanna automasjonsteknikar, og hadde jobb ved ein såpefabrikk i Syria før borgarkrigen braut ut.

Trygt innanfor Norges grenser måtte han vente eit heilt år før han fekk svar frå UDI-

– Det er på tide med meir merksemd om den uuthaldelege ventetida, seier 43-åringen til Sunnmørsposten.