Det melder Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.

Det er dei fem fylkeskommunane som eig selskapet med lik eigardel. Ifølgje fylkeskommunen vil alle bompengeprosjekt på Sørlandet og Vestlandet på sikt bli samla i Sørvest Bompengeselskap AS.

Målet er å gjere bompengesystemet meir brukarvenleg, og å profesjonalisere og effektivisere innkrevjinga og finansforvaltninga av bompengar.

Fylkeskommunen meiner færre selskap med eit meir forenkla og harmonisert takst- og rabattsystem vil gjere ting enklare for folk, slik at bilistane på sikt vil få eitt selskap og ein avtale.