Det var Oppland Arbeiderblad som først skreiv om saka.

– Dette er profesjonelt bedrageri, utført av folk som har lang erfaring med denne typen straffbare handlingar, seier lensmann i Giske Hans-Eirik Pettersen til Sunnmørsposten.

– Det er heilt vanlege, velutdanna og oppegåande personar som har latt seg bedra.

Samarbeid med politiet i Gjøvik

Innlandet politidistrikt har jobba med saka sidan april, og kobla inn lokalt politi då mannen med familie flytta til Giske i vår. Den 12. september blei mannen i 40-åra pågripen.

Kvinna blei løslate etter eit avhøyr, medan mannen no sitt varetektsfengsla i Gjøvik.

– Mannen vart avgjorde varetektsfengsla, noko han samtykka i. Han har i stor grad samarbeida og erkjent forholda, seier Pettersen.

Politiførstebetjent Johnny Helle ved økoteamet i Innlandet politidistrikt opplyser til Oppland Arbeiderblad at det er snakk om fem tilfelle og bedrageri for millionbeløp. Ifølgje Øy-Blikk har mannen vore kjent for politiet i ei årrekke, og vore etterlyst i fleire land.

Lokale tilfelle

Etter at mannen kom til Giske har politiet avdekka bedrageri for minst cirka 250.000 kroner i to ulike tilfelle.

– Det gjeld både folk frå Giske og andre stadar i vårt nærområde, seier lensmannen i Giske.

– Det er snakk om grove bedrageri gjennomført av det eg vil kalle ein profesjonell svindlar. Framgangsmåten ber sterkt preg av gode overtalingsevner og stor tillit og truverd, seier Pettersen.

Det gjeld tilhøve som falske sal av varer og tenester med betaling på forskot, og personen skal ha operert med fleire falske identitetar. Mellom anna har politiet teke beslag i ein bil som er kjøpt for pengar mannen har lurt til seg.

– På grunn av mogleg vidare etterforsking kan eg no ikkje gje fleire detaljar om korleis det har føregått, seier lensmannen.

Ser ikkje bort frå fleire tilhøve

– Vi kan ikkje sjå bort frå at andre er blitt utsett for tilsvarande tilfelle utan at dei sjølve har oppdaga det, seier lensmannen, som oppfordrar folk til å ta kontakt med politiet dersom dei kjenner seg att.

– Har du vore borti liknande saker før?

– Nei, dette tilfellet var for meg veldig spesielt når det gjaldt omfang. Måten dei har gått fram på er også ekstraordinær, seier lensmannen.