Det kan bli inntil ein halvtime ventetid, opplyser Statens vegvesen.

Arbeidet med å utbetre Ørnesvingen skal etter planen avsluttast i løpet av desember.

Eit større område med grunnmasse rasa ut under fylkesveg 63 ved Ørnesvingen. Foto: Statens vegvesen

Ved Ørnesvingen var det i mai i 2015 ei utgliding. Vegvesenet skal sprenge og setje opp mur i naturstein, og deretter setje opp nytt rekkverk og bygge ny vegbane.

I mai i fjor gjekk det eit 60 meter langt ras. Grunnboring viste at det er opptil 2,5 meter ned til fast fjell, og at det kan vere fare for større skadar, opplyser Vegvesenet.