Det internasjonale havforskingsrådet (Ices) går inn for å doble kvoten av norsk vårgytande sild ( nvg) neste år.

Den tilrådde kvoten er på 647.000 tonn. Bakgrunnen for kvoteauken er nye berekningar av gytebestanden.

– Gledelig

Ices går inn for ein makrellkvote på 944.000 tonn neste år. Det er 22 prosent meir enn det oppjusterte kvoterådet for 2016. I realiteten er auken større enn 22 prosent sidan kvoterådet for 2016 i utgangspunktet var 667.000 tonn.

Også for kolmule opnar forskarane for meir fiske. Ices tilrår ein kvote på maksimalt 1,3 millionar tonn, noko som er ein auke på 73 prosent. Bakgrunnen er at det har vore mange sterke årsklasser med kolmule.

– Det er svært gledelig med ein betydelig auke i kvoteråda for dei kommersielt viktigaste bestandene i pelagiske fiskeri- makrell, nvg-sild og kolmule, seier styreleiar Jonny Berfjord i Fiskebåt i ei pressemelding.

– Stor betydning

Også den endelege kolmulekvoten har ligge over det forskarane har tilrådd. Men for nvg-sild ligg det an til solid kvotehopp. Det betyr mykje for norsk fiskerinæring, sidan Norge er den støre "eigaren" av nvg-sild.

– Kvoteråda for 2017 er godt nytt for industrien i Norge. Ikkje minst er det svært positivt at vi ser ut til å få eit løft i sildekvoten til neste år. Norge har en stor andel av silda, og dette er eit viktig råstoff for industrien. Spesielt for anlegga i nord har silda stor betydning, sier fagsjef Kyrre Dale i Sjømat Norge i ei pressemelding.