Jeger på post

I ei enkel jakthytte sit jegerane gjerne i timevis og ventar på hjorten. Standard og byggeskikk varierer, og mange jegerar har brukt ein god porsjon humor og kreativitet når dei har bygd hyttene.

– Lyden er den største svakheita her. Det er litt romklang, seier Kåre Brautaset og kliv inn i den kvite jakthytta som før har fungert som skjold for ei antenne eller ein radar.

Her snakkar vi gjenbruk. Til jakthytte.

Den runde ballen som gir assosiasjonar til eit romskip, kan også minne om ein høyball der han står – i utkanten av slåttemarka som blir kalla Vassendbota. Jakthytta høyrer til Brautaset jaktfelt i Åmdalen i Ørsta.

Kåre Brautaset er ein av dei ivrige jegerane som jaktar frå den noko spesielle jakthytta på Vassendbota.

Kåre Brautaset er ein av dei ivrige jegerane som jaktar frå den noko spesielle jakthytta på Vassendbota.

Ifølgje Kåre Brautaset er det ikkje heilt uvanleg å ta i bruk slike antenneskjold til jakthytter. Det finst fleire av same typen, men dei er gjerne måla i det ein til vanleg tenkjer på som kamuflasjefargar.

– Vi synest kvitt er bra, når det står i tilknyting til eit dyrkafelt. Sidan det liknar på ein rundball, så blir det kamuflasjefarge av den grunn, meiner Brautaset.

Jaktvaldet har fem løyve, og den første hjorten i år, blei skoten frå «radarhytta», som er ei av fleire jakthytter valdet disponerer.

Jakthytta på Vassendbota er litt romskipaktig, der ho står. På avstand kan ho også minne om ein høyball.

Jakthytter finst i fleire variantar, med mange kreative design og løysingar.

På Ytre Åm, også dette i Åmdalen, kan dei åtte jegerane velje mellom åtte jaktpostar med fasilitetar. Siste tilvekst er ein ferdigkjøpt jaktstol, med stige og eit telt-tak over.

Alle postane har sine eigne namn, som Furua, Grana og Stolen. Tårnet er kanskje det mest staselege:

Ivar Arne Knarvik er ein svært ivrig jeger, som Vassendgutane har laga både song og musikkvideo om.

Ivar Arne Knarvik er ein svært ivrig jeger, som Vassendgutane har laga både song og musikkvideo om.

– Herifrå har eg skote mange hjortar, seier jaktleiar i valdet, Ivar Arne Knarvik og viser fram jakttårnet som ruvar høgt i utkanten av eit hogstfelt.

Her er det imponerande utsikt fram gjennom Follestaddalen, mot majestetiske Kolåstinden og andre flotte fjell. For jegeren som tek plass i tårnet, er det først og fremst god utsikt mot nærområdet det handlar om. Og det har ein herifrå.

Ifølgje Knarvik er vi no ved ei av dei beste jaktbuene i valdet. Tårnet har stått i nesten 20 år, og er prega av vêr og vind. Neste år er planen å setje opp nytt tårn på staden.

Knarvik har skote fleire hundre hjortar i sin karriere, og «Furua» er den hytta han har skote flest hjortar frå.
– Eg har mange hundre timar i dette treet her, fortel den aktive jegeren som til og med har fått sin eigen song, med tilhøyrande musikkvideo.

Han er mannen med cowboyhatt og hjortevest som Vassendgutane syng om.

I «Furua» er det lagt vegg-til-vegg-teppe. Ikkje for estetikken sin del, men for at det ikkje skal knirke. Hjorten er nemleg temmeleg var på lydar.

– Det er ikkje så nøye korleis hyttene ser ut, berre hjorten blir van med dei, seier Knarvik.

Jakthytta Grana er bygd åtte meter opp frå bakken. Herifrå har jegerane god oversikt i fleire retningar.

Jakthytta Grana er bygd åtte meter opp frå bakken. Herifrå har jegerane god oversikt i fleire retningar.

Men det er likevel nokre omsyn å ta:

– Det er ein fordel å plassere hyttene høgt og gjerne kviste litt før jakta. Kjem du seks, sju, åtte meter opp, så har du god oversikt, seier han.

Valdet har både kveldshytter og morgonhytter. Tårnet er absolutt best om morgonen, men er også bra i måneskin.
For å ha suksess som jeger, krevst det mykje uskriven lokalkunnskap:

–Om natta fer hjortane nedover dalen, og viss det trekkjer frå aust her, er hytta ubrukeleg om morgonen, for då kjenner hjorten lukta av deg. Om det er sørvest eller nordleg om morgonen, er denne plassen svært bra, forklarer den erfarne jegeren, som stort sett jaktar frå hytte.

Ein stor fordel med jakthytte er også at ein slepp å bli våt.

– Det er meir komfortabelt, og du får meir oversikt, meiner Knarvik.

Utfordring når det bles
Hytta med namnet «Grana» er bygd i ei gran åtte meter over bakken, og denne hytta har si utfordring om det bles.

– Om det er skikkeleg vind, gyngar det i treet og det er dårleg hjortejakt. Då får ein halde seg heime, seier Knarvik som jobbar offshore og har god tid til å jakte i frivekene.

Campingtida er over for denne vogna. No tener ho som jakthytte på Valset i Bodalen.

Mange brukar utrangerte campingvogner til jakta.

På Valset i Bondalen står ei vogn som har sett sine beste dagar til camping, men tener som jaktbu for åtte jegerar i området.

– Her sit ein komfortabelt, seier Jan Rune Frøland og viser fram ein 1978-modell Adria. Valset og Tverrgrova jaktlag fekk tak i vogna for 500 kroner.

Litt lenger borte står ei anna vogn i same sjanger. Begge er måla grøne. Også vindauga er grønmåla, slik at det ikkje skal kome lys ut. Grønfargen er vald for at vognene skal sjå betre ut og ikkje vise så godt igjen i terrenget.

Love and party
På Valset har dei brukt campingvogner til jaktbuer i mange år.

– Vi hadde ei vogn som var brukt på festival, med påskrifta «Love and party», fortel Jens Egil Standal, om vogna som enda sine dagar i «Dagmar».

Jegerane set seg i campingvogna om kvelden og ventar til det blir lyst. Dei kan ikkje gå inn i vogna utan at hjorten ser dei. Inne i vogna har dei teppe og sovepose, og det går an å legge seg litt nedpå og sove, men ein skal ikkje bevege seg mykje før hjorten forsvinn frå bøen og inn i skogen.

Når jakta er ferdig, blir vognene parkert ein annan stad, meir ute av syne.

I Skjåstaddalen på Bjørke har jegerane god utsikt over store markar der hjorten kjem ned for å beite. Parabolantenna er berre til pynt, men sjåarforholda på hjort er gode.

Jens Egil Standal jaktar også på Mork jaktfelt i Skjåstaddalen på Bjørke. Her har han og svogeren Snorre Mork bygd eit jakttårn, av den meir forseggjorde og påkosta typen.
Ei parabolantenne signaliserer at dette må vere meir enn ei jakthytte.

– Det var berre ein idé vi fekk, smiler Standal.

– Folk er veldig nysgjerrige på antenna, men det er berre ein spøk som har slått godt an, seier Mork og avslører at jakthytta nok ikkje har forhold for tv-sjåing.

Snorre Mork (t.v.) og Jens Egil Standal er arkitektane bak jakttårnet i Skjåstaddalen.

Snorre Mork (t.v.) og Jens Egil Standal er arkitektane bak jakttårnet i Skjåstaddalen.

Frå hytta kan dei derimot sjå ut over store markar i dalbotnen, der hjorten gjerne dukkar opp i skogkanten. Jaktposten kan også by på fleire naturopplevingar :

– Her sit vi om natta og ser oteren som sym rundt i elva, fortel Standal.

Hytta er innreidd med seng og to stolar.

– Vi måtte lage det meir behageleg for å få kjerringane våre med på jakt. Dei likar å legge seg nedpå, seier Standal med eit smil.

Og strategien har tydelegvis verka. I år er konene deira, Trine Mork Standal og Malene Davidsen, for første gong med på jakta.

Jegerane kan ikkje skremme hjorten når dei er på post. Ei dobøtte kan vere god å ha inne i jakthytta.

Jegerane kan ikkje skremme hjorten når dei er på post. Ei dobøtte kan vere god å ha inne i jakthytta.

Komforten i hytta har likevel ikkje berre fordelar. Det har nemleg hendt at jegeren har lagt seg nedpå og sovna frå heile jakta.

I denne hytta spelar vindretning inga rolle, og dei jaktar herifrå både morgon og kveld. Men det beste er når det er måneskin og dei kan jakte heile natta.

Mykje av hytta er gjenbruk. Pålane ho står på er kasserte telefonstolpar. Og bordkledninga var før på eit hus som skulle få ny kledning. Om dei skulle ha betalt for alt, meiner dei prisen fort ville ha blitt 20.000 kroner for ei slik hytte.
Dei to jegerane går no med utbyggingsplanar:

– Vi tenkjer å bygge ut med altan. Det hadde vore fint å ha ein plass ute også, seier Mork som synest det er artig å gi folk noko å snakke om.

Hytta er lett synleg frå vegen, så det er ikkje til å unngå at folk følgjer med på det som skjer.

Stigehytta på Lillebø ved Hellesylt er eit landemerke ved fylkesveg 60.

Også jakthytter andre stader er blitt små landemerke, lett synleg frå trafikkerte vegar. Ved fylkesveg 60 vest for Hellesylt, står ein stige bratt opp frå vegen. Oppe på fjellskrenten står det dei kallar ei hjortehytte. Jegeren kan raskt hoppe av ein bil og klive opp stigen til hytta i utkanten av marka, utan at hjorten merkar det.

– Her er mykje hjort, sjølv om det også er stor trafikk rett forbi, fortel Hans Hole.

Hytta med stigen er ei av fleire hjortehytter i valdet på Lillebø og Tryggestad.

– Alle er enkle hytter. Dei er ikkje meint for å bu i, og du skal ikkje sovne i desse hyttene, smiler Hole.

Hans Hole meiner hjortehyttene skal ha enkel standard. 

Hans Hole meiner hjortehyttene skal ha enkel standard. 

Hjortehyttene i valdet er utstyrt med ein eller to stolar og har gluggar til å sjå ut frå.

Hytta med stigen har torvtak, som dempar lyden for den som sit der.

– Det er reine rekreasjonen å sitje inne i ei slik hytte før det mørknar og vente på hjort, seier Hole.

Han har i ei årrekkje vore leiar i viltnemnda i Stranda kommune. Og han ser at enkelte er kritiske til posteringsjakt.

– Det er ein del som synest det er for enkelt å skyte frå ei hytte på innmarka, men vi er nøydde til å ta hjort på innmark. I Stranda har vi kvote på 700 dyr, og vi har ikkje sjanse til å skyte så mange om vi ikkje tek dei på innmark, seier Hole.

For nokre år sidan var det kanskje greitt å gå på fjellet og i skogen og jakte etter hjort, men Hole meiner ein no har fått altfor stor populasjon av hjort. Difor må ein jakte på bøane, for å regulere bestanden. Han meiner jakta må vere ein kombinasjon mellom dei to måtane å jakte på.

På Stavseng i Liabygda er dette jakttårnet blitt eit landemerke, lett synleg for dei som køyrer fort forbi. Om vinteren har det eit anna uttrykk enn om sommaren, der det ligg som ein sopp i terrenget.

– Her fyrer eg opp eit par telys og held varmen, fortel Stavseng som også er byggherren bak tårnet som må seiast å vere ei høgstandard jakthytte.

Stavseng har bygd tårnet i modular, som så er frakta bort til byggeplassen. Sokkelen er ein stor og rund kabeltrommel.

– Du kunne ikkje bygd noko firkanta her. Ein må byggje etter plassen det skal stå på, seier Stavseng.

Komforten er viktig for Egil Stavseng når han er på jakt. Hytta har Stressless og er lydisolert.

Komforten er viktig for Egil Stavseng når han er på jakt. Hytta har Stressless og er lydisolert.

Tårnet er bygd som eit vanleg hus, med asfaltplater og isolering, samt shingel på taket.

–Det er like greitt å lage noko som står i nokre år og som ikkje dett saman, seier Stavseng som bygde tårnet for fem år sidan.
I år har han også teke i bruk ei ny, høgstandard jakthytte, i skogen på andre sida av vegen.

Inne er tårnet kledd med tjukk filt som skal ta vekk lyd.

– Her kan ein snakke i mobiltelefon om ein vil, med hjorten gåande utanfor, seier Stavseng.

Egil Stavseng meiner det er greitt å byggje ei jakthytte som står i nokre år, og som har ein viss standard, når ein først byggjer.

Egil Stavseng meiner det er greitt å byggje ei jakthytte som står i nokre år, og som har ein viss standard, når ein først byggjer.

Han har prøvd å jakte frå campingvogn, men meiner det då vart for mykje lyd og vanskeleg å bevege seg.

Det spesialdesigna jakttårnet fungerer godt:

– Det som er kjekt med denne jakthytta er at det er tørt, varmt og du kan slappe av, seier Stavseng.

Mange synest at det ikkje er skikkeleg jakt når ein jaktar frå ei jaktbu, men Stavseng meiner det er greitt å skyte hjorten på markane, for det er der dei gjer skade.

Jegerane på Brautaset har eit heimelaga bookingsystem for jakthyttene, slik at dei unngår å kome til ei allereie okkupert hytte.

På runden vår frå hytte til hytte, får Sunnmørsposten også innblikk i ulike «bookingsystem» for hyttene. For det er sjølvsagt viktig å ha eit system, slik at jegeren ikkje kjem til ei hytte som er oppteken.

Jegerane på Brautaset har eit spesielt meldesystem ved innkøyringa til jaktområdet. På ei overbygd tavle har dei hengt opp kart, og dei har laga treskiver med namn på kvar jeger. Desse plakettane festar dei på kartet for å vise kvar dei plasserer seg.

– Slik veit dei andre at eg er komen og kvar eg er. Også når ein avsluttar jakta, melder ein frå, fortel Kåre Brautaset.

Jegerar på Facebook
På Valset er dei åtte jegerar som kan bruke dei to campingvognene. Dei har Facebook-gruppe og liste der dei skriv seg på, slik at alle til ei kvar tid veit kven som har tenkt å jakte frå vogna.

Når jegerane på Ytre Åm fer ut om morgonen klokka fem, skriv dei seg inn i ei bok ved bomstasjonen, ved innkøyringa til jaktområdet.

– Då forstyrrar vi ikkje kvarandre og har full kontroll på kvar alle er, seier Ivar Arne Knarvik.

Første dagane er dei gjerne seks jegerar ute samtidig, og det blir kamp om plassane. Seinare i jakta er berre to-tre jegerar ute til ei kvar tid og dei kan velje og vrake blant gode hytter.

Dette er ei gammal jaktbu, og installasjonen med utedo er truleg berre eit humoristisk  innslag i interiøret.

Dette er ei gammal jaktbu, og installasjonen med utedo er truleg berre eit humoristisk  innslag i interiøret.


Les fleire historier frå Sunnmørsposten


Tekst: Anne-Mari Tomasgard
Foto: Nils Harald Aanstad
Ansvarleg redaktør: Hanna Relling Berg.

Sunnmørsposten arbeider etter Ver Varsam-plakaten sine reglar for god presseskikk. Alt innhold er opphavsrettsleg verna
© Sunnmørsposten 2016.