Men nei. På kjøpesenteret er det ein roleg ettermiddag. Berre ein og annan handlande har funne vegen, og det er lite engasjement å spore.

Få verkar for å bry seg med at Fylkesmannen vil tvinge Ørsta saman med Volda og Hornindal. Nokre har ikkje fått det med seg. Andre seier dei er inhabile. Og andre igjen vil ikkje seie kva dei meiner i avisa.

To ulike bygder

Ved eit bord på kjøpesenter-kafeen møter vi tre ungdommar som er elevar ved Møre folkehøgskule i Ørsta. Dei ser Ørsta og Volda frå utsida:

– Eg føler Ørsta og Volda er to ulike bygder, seier Emma Sandvik, som sjølv er frå Måløy og godt kjend med prosessen rundt kommunereform.

Treng kvarandre

Dei tre elevane har ikkje så sterke meiningar om samanslåing mellom Ørsta og Volda, men trekkjer fram at det verkar som dei to kommunane treng kvarandre.

– Eg trudde Volda var den store, men så er det her i Ørsta det er kjøpesenter. Det er kult at dei to kommunane treng kvarandre slik, seier Severin Poppe som går på ekstremsportlinja på folkehøgskulen.

Han fortel at dei brukar å sykle til Volda på symjetrening, og han trur ikkje det finst liknande treningsmoglegheit i Ørsta.

Synd med tvang

Dei tre elevane synest det er synd å tvinge kommunar som ikkje vil, til å slå seg saman:

– Viss det har vore folkerøysting her, så er det jo dumt å ikkje høyre på folket, seier Ingrid Sjurgard frå Lom og får støtte av dei to andre.