Ordførar Arne Sandnes (Sp) frå Norddal har utmerka seg som ein av dei argaste kritikarane til bruk av tvang mot kommunar som ikkje ønskjer å slå seg saman.

Etter å ha høyrt fylkesmann Lodve Solholm foreslå ei halvering av talet på kommunar i Møre og Romsdal i framtida - fryktar han kva som vil kome frå Stortinget.

– Når den sittande regjeringa no har valt å tone flagg, trur eg dei vil provosere store delar av distrikts-Norge. Eg tippar at dette er starten på valkampen og at sjansane for regjeringsskifte har auka mykje i løpet av dagen, seier Sandnes.

Vil trekkje seg

Norddal-ordføraren har tidlegare gitt uttrykk for at han helst vil trekkje seg frå vervet om kommunen hans blir slått saman med tvang, men han er klar over at lova ikkje opnar for den moglegheita.

Likevel meiner han saka har viktige prinsipielle sider og at regjeringa som utøvande makt, forsøker å overstyre beslutninga frå Stortinget.

– Eg tolkar det slik at framlegget til fylkesmannen er regjeringa sitt ønskje. Om Stortinget sett lokaldemokratiet til side, er vi blitt gislar og har ikkje noko rolle å spele lengre.

Reaksjonar på fylkesmannen sitt forslag:

Lunka stemning på kjøpesenteret i Ørsta

Misnøye i Sula: – Vi er jo nysingle

Godt mottatt i Ulstein: – Dette ser fornuftig ut

Ålesund-ordføreren fornøyd, men ser utfordringer

(alle sakene krever innlogging)

– Mållaus

Mange blei nok overraska då fylkesmannen starta med å foreslå sju kommunar i heile fylket. Men det viste seg at han hadde ein plan B, som han ville starte med på kort sikt.

– Eg synst det var veldig overraskande at han gjekk så langt i å slå saman kommunar. Da det først blei snakk om sju, vart eg heilt mållaus, men då det blei 16 var det litt meir moderat. Men han sett i verk ei veldig kraftig sentralisering om dette skulle bli aktuelt.

– Forklar kva som er problemet?

– Problemet går på våre interesser. Vi er ein liten kommune i folketal, men resurssterk kommune. Vi har heilt andre behov enn dei bynære kommunane. I vårt tilfelle er det fokus på næringsutvikling der vi bur, medan det i byen snakkast om å bygge ut kapasitet i barnehagar og skuler fordi folketalet veks automatisk. Då vil ikkje våre behov bli prioritert, seier Sandnes.

Han meiner ei slik utvikling vil gi færre arbeidsplassar og færre folk til ei kommune som Norddal.

– Der er vi nær smertegrensa allereie, seier han.

Interaktive kart: Fra 36 til sju kommuner på lang sikt

Smp.no fulgte pressekonferansen med livestudio

Få oversikt: Les alle kommunereform-sakene her

– I høgste grad politikk

– Fylkesmannen legg fram ei tilråding, men det vil truleg vege tungt i Stortinget. Kva er din kommentar til det?

– Eg hadde håpa at vi skulle få ro rundt dette, slik at vi kunne få jobba med andre ting som no har vore nedprioritert. Men no må vi fortsette arbeidet og bruke mykje ressursar for vidare dialog og lobbyverksemd for våre interesser. Det er uheldig, meiner Sandnes.

– Med andre ord trur du ikkje på fylkesmannen når han seier at dette er eit fagleg råd, og ikkje politikk?

– Eg kan ikkje skjøne noko anna enn at dette er politikk. Stortinget har sagt at dette skal vere frivillig - også teiknar likevel fylkesmannen eit slikt kart som omorganiserer kommunane. Det må i høgste grad vere politikk, svarar han.

Vil ha Stranda-bygder

Sandnes påpeiker samstundes at dei ønskjer ei samanslåing med Stordal og Liabygda i Stranda, som er nærare det kortsiktige alternativet fylkesmannen tok til orde for - med Norddal, Stordal og Ørskog.

– Paradokset i dette, er at bygdene Geiranger, Eidsdal og Norddal – der to av dei i dag er i Norddal – skal skiljast frå og vere tilslutta Stranda og Sykkylven i ei kommune der senteret truleg vil vere i Aura. Det betyr at tre bygder heilt i indre skal reise over to fjordar og gjennom ei nabokommune for å kome til sitt kommunesenter. Det er ein heilt umuleg tanke etter mitt syn, fortel Norddal-ordføraren.

(saka held fram under)

Han hadde håpa på at Norddal fekk halde fram, saman med Stordal  og bygdene Liabygda og Geiranger, og at dei i ei slik kommune ville hatt mykje til felles og hatt en «god konstruksjon geografisk».

Ordføraren seier at dei no vil gå i samtale Stordal og med Stranda om Liabygda. Han ser heller ikkje vekk i frå at folk i Stranda-bygdene Eidsdal og Geiranger kan kome på andre tankar når dei ser korleis «samlivet» med Sykkylven er lagt opp.

– Når den kommunen skal levere basistenester til desse bygdene gjennom ei anna kommune og to fjordar, så er det heilt bak mål etter mi meining, avsluttar Sandnes.