I tillegg til oppseiingane er det fare for fleire permitteringar som følgje av vedvarande låg aktivitet, melder selskapet i ei pressemelding onsdag ettermiddag.

- Vi synes det er svært leit at vi må seie opp folk. Dette rammar mange flinke medarbeidarar som vi svært gjerne ville hatt med oss vidare. Slik utsiktene i marknaden er no, har vi likevel ikkje noko anna val, seier Stig Remøy, adm.dir. i Olympic Shipping.

Offshoremarknaden har vore dårleg lenge og det er heller ingen signal om at det vil snu med det første. Utover hausten blir det for lite arbeid til å sysselsette alle i selskapet.

- Så langt har vi greidd å halde dei fleste i arbeid og unngått oppseiingar. Dei tilsette har verkeleg stått på for å finne gode løysingar, seier Remøy.

– Lønnsreduksjonar og auka turnuslengde har vore viktige bidrag for å redusere kostnadane det siste året.

Frå reiarlaget blir det jobba hardt med å skaffe ny kontraktar slik at omfanget av nedbemanninga blir så lite som mogleg, opplyser Olympic Shipping AS i pressemeldinga.