– Det er eit grått kulturbudsjett når regjeringa ikkje vil løyve den summen som trengst for at Vinje-senteret kan kome i gang,

Det seier styreleiar i Nynorsk kultursentrum, Lodve Solholm, i ei pressemelding.

– Vi har lagt fram ein svært grundig og nøktern, men likevel ambisiøs plan for dette senteret for dikting og journalistikk i Telemark. No skal vi gjere det lett for Stortinget å seie ja, lovar Solholm.

Mindre enn venta

Nynorsk kultursentrum får 18,4 millionar kroner i driftsmidlar i framlegget til statsbudsjett for 2017. Dette er 300.000 kroner eller 1,8 prosent meir enn i år. For tredje året på rad er dette mindre enn venta løns- og prisvekst.

Utanom løns- og prisveksten søkte Nynorsk kultursentrum om 1,2 millionar kroner i friske midlar til å etablere Vinje-senteret.

Saknar satsing

– Dei midlane nynorskinstitusjonane får i 2017, kjem dei til å bruke godt. Nynorsk kultursentrum saknar likevel ei tydeleg nynorsksatsing frå regjeringa som svarar på det overordna målet om jamstilling mellom dei to norske skriftspråka, seier Solholm.

Fornying

Nynorsk kultursentrum opna det nye Hauge-senteret i 2011, og Vinje-senteret blir eit anna nytt museum.

– Nye museum skaper dynamikk og representerer ei fornying som Noreg treng og som kjem publikum til gode, seier direktør i Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, i pressemeldinga. No meiner nynorskdirektøren at det er blitt vanskelegare enn det bør vere å fornye museumsfeltet.

Skuffa

Ifølgje pressemeldinga frå Nynorsk kultursentrum har eit samla nynorskmiljø prioritert auka støtte til Nynorsk pressekontor, og fast årleg støtte til Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

– Kommune- og regionreforma held fram, og då burde regjeringa greie å finne pengar til det viktige språkpolitiske arbeidet som Landssamanslutninga av nynorskkommunar gjer, synest Ottar Grepstad.

Han er også skuffa over at statsbudsjettet ikkje inneheld ei første løyving til vidare oppdatering og digitalisering av Norsk Ordbok.