Kontrollutvalet har konkludert med at Sogn og Fjordane fylkeskommune braut reglane for offentlege innkjøp ved seks av sju tilfelle då dei engasjerte konsulentar i Fjord1-saka.

Leiar Frank Willy Djuvik i utvalsmøtet måndag. Foto: Ingvild Ramstad/fylkeskommunen

Dei ber difor om å få gjere ei forvaltingsrevisjon av innkjøp i fylkeskommunen, spesielt for å sjekke «rutinar, kompetanse, konkurranseutsetting og kontrollaktiviteter», ifølgje eit vedtak frå utvalet.

Ifølgje ei fersk rapport fekk Wiersholm og DHT Corporate 20,6 millioner kroner for jobben.

Saka skal vidare til fylkestinget for endeleg vedtak.