I ettermiddag kommer Dronning Sonja til Alnes.

– Klart at dronninga må få servert fyrkake når ho kjem.

Med den populære fromasjkaka med tyttebær fint på fat kjem Ida Lervåg gåande frå den gamle fyrvoktarbustaden med kurs mot det nye besøkssenteret.

I det rundt det 750 kvadratmeter store nybygget er det hektisk aktivitet før den offisielle opninga av Alnes fyr og opplevingssenter i ettermiddag. Med dronning Sonja i spissen for rundt 180 inviterte gjestar er det mangt som må ordnast.

– Det er rart å flytte frå fyrvaktarbustaden til det nye bygget, men mest kjekt, seier ho som har servert besøkjande i seks -sju år, og som no ser fram til å bli med på flyttelasset frå det gamle til det nye.

Sprengt kapasitet

Heilt sidan 1993 har det vore kafedrift i fyrvaktbustaden. År for år har stadig fleire turistar og andre besøkjande kome til Alnes for å oppleve fyret, landskapet, ver og vind her yttarst ut mot havet.

I løpet av 2016 reknar ein med rundt 50.000 besøkjande på Alnes. Det gjer at kapasiteten i den freda fyrvaktarbustaden lenge har vore sprengt, og eldsjeler har i årevis stått på for å få eit nytt bygg for å avlaste slitasjen på det verna fyranlegget.

– Fyrvaktarbustaden var ikkje tilrettelagt for det enorme trykket av turistar. No blir det noko heilt anna. Det nye bygget er utruleg flott, seier Ida Lervåg og småspring mot inngangsdøra i nybygget, ned trappa, gjennom utstillingslokalet med billedvev, grafikk og måleri på veggene, og vidare mot kafelokalet med digre panoramavindauge ut mot fjøre, hav og himmel.

Rundt på alle kantar,- inn og ute, jobbar folk på for å gjere alt ferdig til opninga. Grasvollen som dekkjer nybygget blir klipt, vindauge blir vaska, serveringsdisk, bord og stolar blir plassert og utstillingar montert.

Showrom

- Dette er eit slags showrom for å vise det moderne Kystverket. Det nye opplevingssenteret er ein ypparleg plass for ei utstilling som dette,- nær det historiske med gamlefyret, kysten og havet. Alnes er allereie mykje besøkt, og no kjem endå meir folk til å kome hit.

Det seier regiondirektør i Kystverket Midt-Norge, Harald Tronstad, der han står i det nordvestlege hjørnet av kafelokalet.

Der er tre store interaktive dataskjermar, og ei blinkande lanterne og ein HIB med innebygd navigasjonssystem for hurtiggåande båtar, plassert i tilpassa høgd for ikkje å øydelegge det frie utsynet ut mot Storholmen og Erkna fyr i nordvest til Runde fyr i vest.

– Utstillinga tek for seg tre ulike tema innan sjømerking og farled, for å vise kva som finst av moderne navigasjonssystem langs kysten. Utstyret som er plassert her på Alnes er same online-systemet som er i dagleg bruk i Kystverket, fortel prosjektleiar Jan Erik Dyb.

Han siktar til dataskjermane som publikum kan bruke for å sjå kvar Kystverket sine fartøy oppheld seg til ei kvar tid, skaffe seg informasjon om dei 23.000 ulike sjømerka som finst langs kysten eller sjå korleis arbeidet vart utført for å gjere skipsleia gjennom Lepsøyrevet sikrare.

– Siktemålet med utstillinga er å gjere publikum betre kjent med Kystverket. Den skal etter kvart skal fornyast, slik at neste gong folk vitjar Alnes er det noko nytt å sjå, skyt Tronstad inn.

Vegger med kunst

– Det er ikkje lett å konkurrere med utsikta som er her! Ørnulf Opdahl klarer mest ikkje rive seg laus frå utsynet i kafelokalet, for å snu blikket inn mot utstillingslokalet der han og kona Sidsel Colbiørnsen presenterer opningsutstillinga i opplevingssenteret.

Der på langveggen på 26 meter har tekstilkunstnaren fylt med ni store teppe i bildevev, med motiv som spenner frå buddafigurar, portrett av forfattarane Alice Monroe og Jack Kerouac, og Madonna-ansikt henta frå italiensk kyrkjekunst.

– Eg likar at det er litt luft kring teppa. Dette er eit utval av det eg har vove dei fire-fem siste åra, fortel Colbiørnsen og ser mot dei detaljrike vevnadene i gylne nyansar og fargetonar i blått, raudt, lilla og oransje.

– Sidsel er flink med fargar. Når eg står fast får eg konsulenthjelp av henne, fortel Ørnulf Opdahl som sjølv har valt «Havbygd, sol og skugge», som viser Alnes ein haustdag som eit av sine fem måleri i utstillingslokalet. I tillegg stiller Opdahl ut 34 etsingar med motiv av fjell og kystlandskap i skiftande lys. Dei heng som ei lang stripe og viser veg heilt frå inngangsdøra i opplevingssenteret til utstillingslokalet.

– Grafikken er ny, den er ikkje blitt vist her i området får. Dronning Sonja er den einaste som har sett dei. Det skjedde då vi begge arbeidde i Atelier Larsen i Helsingborg, der eg laga etsingane. Det skal bli spanande å vise dei til dronninga her på Alnes, seier Opdahl som ved fleire høve har samarbeidd med henne.

Lys og fargar

Sjølv om kunstnarparet Colbiørnsen og Opdahl ikkje har planlagt det slik, viser fleire av dei same fargane seg i arbeida til dei begge. Fargane kryssar golvet og skaper dialog mellom hennar bildevev og hans måleri og grafikk.

Skattekiste

– Det er det bygget blir fylt med som skal sette tonen. Fyret og landskapet skal spele hovudrolla. Sjølve bygget skal underordne seg det. Det var krav reguleringsmyndigheitene sette, og som eg meiner vi har klart å innfri. Nybygget føyer seg fint inn i landskapet. Når ein flyg over Alnes det nesten ikkje synleg, og fyret er framleis fokuspunktet.

Det seier arkitekt Kjell Oskar Pettersen tenkinga som ligg bak å grave bygningen ned i bakken for å gjere det minst mogleg synleg.

– Landskap, kunst, kultur og bygg spelar flott opp mot kvarandre, meiner arkitekten som omtalar det nye opplevingssenteret som ei nedgraven skattekiste,- som han som smågut drøymde om å finne.

Store vindaugsflater, lyssliser som går som ei line frå himmel og hav lysande inn panoramavindauga i kafeen, gjennom utstillingslokalet og opp trappa mot det freda fyret. Og bølgeforma tak over inngangspartiet for å verne mot ver og vind. Det er bygningsmessig grep arkitekten har tatt for å knyte gamle og nye bygningar saman, og for spele på lag med naturen.

– Sjå den utsikta! Tenk at eg skal få stå her og nyte dette flotte landskapet kvar einaste dag. Alnes har alltid vore favorittplassen min, og eg er kjempeheldig som får jobbe her. Det seier dagleg leiar for det nye opplevingssenteret, Anniken Aakvik.

Strålande nøgd er ho og med at jordvollen som låg framfor vindauga er fjerna, og fri sikt er sikra.

– Alt er fint her, – kunsten og sjølve bygningen. Og det er mykje kjekke folk på Alnes, som har stått på og jobba fram nybygget, og som heiar på oss. No blir det om å gjere levere kvalitet og godt stemning slik at folk trivest her, seier Anniken Aakvik som i første omgang konsentrerer seg om dronningbesøket og opninga i ettermiddag.

Så står mellom anna konsert med Frode Alnes på programmet dei komande vekene.

Song til Sonja

Anniken Aakvik kan love at dronning Sonja får smake meir enn fyrkake. Plommeaperitiff frå Synnes, klippfiskbollar, lefse, fiskesuppe og eit utval av anna lokal mat, som blir å finne på kafemenyen, skal serverast til gjestene i kveld. Og mykje lokal kultur. I samarbeid med kultursjef Frode Synnes, har ho lagt opp til framføring av songen «Seinsommarkveld på Alnes» av Taretausene, for å feire at fyret har fått nytt opplevingssenter, og at Giske kommune er blitt huseigar av eit kulturbygg til konsertar, foredrag og andre kulturarrangement.

– Både bygget og innhaldet er ein fin tilvekst for Giske kommune og regionen rundt, meiner kultursjefen som lovar verdspremiere av ein nyskriven fyrsong under opninga framført av vel 180 elevar ved Alnes og Godøy skule.

Med stor iver har elevane frå 1. til 10. klasse øvd inn songen «Lyset i det blå», som er laga av Oddfrid og Ole Reinlund. Det er ein hyllest til fyret, fjellet, fjøra og folket som lever på Alnes med støvlane på.

Og lyset som turistar frå heile verda kjem for å sjå.