Vegvesenet skal bygge gang- og sykkelveg på god jordbruksjord mellom Giskemo og Amdam. I skjønnet i tingretten vart erstatninga sett til rekordhøge 120 kroner kvadratmeteren.

No har juridisk avdeling i Vegvesenet sett på saka.

– Vi held fast på normal prisvurdering, i snitt 20 kroner kvadratmeteren, seier seksjonsleiar John Hauger i Statens vegvesen.

Mellomlegget på 100 kroner ber dei Ørskog kommune om å betale.

«Til evig tid»

Det er venta at saka kan danne presedens for seinare grunnerverv. I skjønnet i tingretten er erstatninga for tapt jord rekna ut etter kva jorda kan produsere i framtida, ikkje berre ut ifrå kva den enkelte grunneigar i dag får ut av den.

Advokat Bjørn Kristian Hove representerte grunneigarane i tingretten.

– Tapet er varig, og utmålinga av erstatning skal skje for «evigheita», uavhengig av dagens drift og eigar, sa Hove til Sunnmørsposten etter skjønnet i tingretten.

Kommunen ville ikkje anke

På Giskemo seier grunneigarane at jorda kan vere aktuell som jordbærland. Dette meiner Vegvesenet er ikkje reelt. Dei bad derfor Ørskog kommune om å anke skjønnet til lagmannsretten.

Men det ville ikkje kommunen. Dermed meiner Statens vegvesen at kommunen har brote avtalen.

Konklusjonen frå Vegvesenet er at kommunen får betale mellomlegget på 100 kroner m2 sjølv.

– Vi synest det er rimeleg, i og med at vårt krav om anke ikkje vart lagt til grunn. Vi reknar no saka som avslutta, seier Hauger til smp.no.

Ordførar Karen Simonnes Aanes i Ørskog kommune ønskjer inntil vidare ikkje å kommentere brevet frå Statens vegvesen.

– Eg reknar med at saka kjem opp i formannskapet 20. oktober, er alt ordføraren vil seie no.