– Det er snakk om ei strekning på godt og vel tre kilometer som no får ny 132 kV sjøkabel, fortel planingeniør Egil Åmbakk i Mørenett AS.

Tidlegare i år vart det gjennomført ei undersøking av sjøbotnen her i Vartdalsfjorden, og deretter valde ein trasé for den nye kabelen.

Fiberflytting

– I tillegg til dette arbeidet skal vi også flytte på ein fiberkabel som ligg i fjorden. Dette er fiberkabelen mellom Bergen og Ålesund, legg Åmbakk til.

I samband med kabelarbeidet skal det også settast opp nye endemaster, og dei gamle muffehusa i betong som står på begge sider skal etter kvart fjernast.

– Vi må nok bruke ein del veker på dette arbeidet. Og det er arbeidet på land som tek mest tid. Men vi håpar å vere ferdige i løpet av november, dersom vêret er brukbart og alt går etter planen, seier Egil Åmbakk.

Ringnett

I løpet av dei siste åra er det også kom ein sjøkabel mellom Sulesund og Hareid, slik at ein no har eit ringnett frå Ørsta via Hareid til Sula og Giskemo.

Dette ringnettet, saman med at kabelen er blitt nokre år no, gjer at vi ønsker å skifte ut og auke kapasiteten på kabelen vår mellom Berkneset og Eiksund, legg planingeniøren til.

– Vil kundane på Hareidlandet merke noko til dette arbeidet, til dømes med at straumen vert borte i periodar?

– Nei, nettopp fordi vi no har kabel også frå Sula, så nyttar vi den. I tillegg har vi ein kabel med eit lågare spenningsnivå frå Rjåneset til Eiksund som også vi nyttar.

Ikkje noko val

– Er det dyrt med ein slik ny kabel i sjøen?

– Ja, men vi har ikkje noko anna val enn å leggje sjøkabel på ei så lang strekning som skal krysse fjorden, svarer Egil Åmbakk i Mørenett.

Fusjon

Mørenett AS er ei samanslåing av dei tidlegare nettselskapa til Tafjord Kraft og Tussa.

Mørenett har driftssentralen sin i Holen i Spjelkavika.