Det eksklusive hotellet har i dag 23 gjesterom. Hotelldirektør Benthe Langeland seier dei ofte må avvise gjestar fordi det er fullt.

Snart kjem det eit nytt laftebygg på hotellområdet med 10 nye rom. Bygdebladet skreiv om saka først.

Stor nok til å gå i pluss

I fleire år har hotellet gått med underskot. Eigar Knut Flakk vil likevel satse. Ved å utvide med 10 rom håper dei at hotellet blir stort nok til å gå i pluss.

– Vi ønskjer plass til fleire turistar i sommarsesongen. Og vi ønskjer å kunne ta imot større grupper elles i året, seier hotelldirektør Langeland til smp.no.

I 2014 enda årsresultatet på minus 4,4 millionar, og i fjor var underskotet minus 2,6 millionar.

– For i år ser det langt lysare ut. Vi nærmar oss eit nullresultat i år, seier hotelldirektør Langeland og forklarer framgangen med mykje hardt salsarbeid.

Nyleg kom Storfjord Hotel inn på ei eksklusiv liste, Small Luxury Hotel of The World, som første norske hotell. I fjor var Storfjord Hotel lista som småhotell nummer éin hos reiseguiden Tripadvisor.

Lokal lafting

Det nye laftebygget skal stå klart neste sommar. Dette blir det fjerde bygget på hotellområdet.

I tillegg til nye gjesterom skal det nye bygget også ha ei avdeling med sauna, boblebad og trimrom.