Dette er ei uavhengig utredning av dei maktpolitiske konsekvensane for Møre og Romsdal i ein ny og større region, opplyser Møre og Romsdal fylkeskommune.

Anbefalinga er klar: Møre og Romsdal bør halde fram som eiga eining, heiter det i pressemeldinga frå fylket.

«Alt vil gå galt»

Ved å flytte fylkeskommunale institusjonar til Bergen eller Trondheim/Steinkjer, ser det ut som om at «alt vil gå galt», står det å lese i rapporten.

Fleire argument talar også for at ei deling av Møre og Romsdal på midten bryt med sjølve forutsetningane i regionreformen, heiter det vidare.

Funksjonell eining

Rapporten omtaler aksen Ålesund–Molde–Kristiansund som ei funksjonell integrert eining, medan aksane Kristiansund–Trondheim/ Steinkjer og Ålesund–Bergen ikke er funksjonelle i same grad.

«På tross av store hinder, i form av dype fjorder og høye fjell, har fylkeskommunen sammen med andre regionale, statlige og kommunale aktører, vært med på å utvikle en sammenhengende region med veier, tuneller og nettverk mellom næringer og kunnskapsmiljø. På tross av at regionen ikke har noen storbyer som kan måle seg med Bergen og Trondheim har dette arbeidet vært med på å forme et etter forholdene differensiert arbeidsmarked», står det å lese.

Rapporten anbefaler samtidig eit samarbeid på tvers av regionane, til dømes med NTNU og Sintef i Tronheim.