Søre Sunnmøre mottak i Ulsteinvik var første stopp då innvandringsminister Sylvi Listhaug besøkte Ulstein og Herøy måndag. Ho reiste saman med statsrådskollegaen i Landbruksdepartementet, Jon Georg Dale.

Her kom det fram at prognosen for talet på asylsøkjarar som kjem til Norge i år er nedjustert til 3.550. Dette er grovt sett berre ein tidel av det som såg ut til å vere behovet i fjor haust.

Betre grensekontroll

– Nedgangen skuldast betre grensekontroll i Europa, avtalen mellom EU og Tyrkia som reduserte tilstrøyminga til Hellas, men også innstrammingar her i landet. Vi har sendt eit kraftig signal om at dei som ikkje har krav på beskyttelse i Norge heller ikkje vil få det, seier Sylvi Listhaug.Link, som har stor avdeling i Ulsteinvik, er ein av dei største aktørane innan drift av asylmottak.

– Dei nye tala er ikkje overraskande for oss. Vi har alt bygd ned kapasiteten, seier mottaksleiar Ann-Ingvill Tødenes på Søre Sunnmøre mottak.

Dei har hatt opp til 250 plassar i sitt mottak i Ulstein, men er no nede i 150.

Nominasjonskamp i Frp: Sylvi Listhaug og Jon Georg Dale gjer det klart at dei vil på Stortinget

Reduserer meir

Lang ventetid på familien Dei kom til Norge for å beskytte familien, men den lange ventetida på familiegjenforeining gjer at dei blir usikre på om dei nokon gong får sjå kona og borna sine igjen.

– Reduksjonen har skjedd på få månader, seier Tødenes. Ho er usikker på om det vert enno meir reduksjonar.

– Vi har ikkje fått signal frå UDI om kva strategi dei har. På den eine sida er behovet langt mindre enn det var for eitt år sidan. På den andre sida gjeld det å ha beredskap dersom talet stig igjen, seier Tødenes.

Kommunane har nyleg fått melding om redusert behov for busetjing av flyktningar. For Ulstein sitt vedkomande betyr det til dømes at planar om eit samarbeid med Sunnmøre folkehøgskule truleg vert lagt på is.

Ei utfordring

– Dette er dumt, men vi har ikkje kome så langt i prosessen at det får store konsekvensar. Uansett vert dei ei utfordring i forhold til budsjett og tilskot at vi har rigga for mottak av fleire enn det som kjem, seier Lars Erling Bjåstad Hovlid, som er leiar for inkludering og mangfald i Ulstein kommune.

Innvandringsministeren veit ikkje kor mange mottak som må leggjast ned.

– Vi er gang med å legge ned mange plassar, og det vil nok halde fram om talet på asylsøkjarar held fram med å vere lågt, men fjoråret lærte oss at det kan snu raskt, seier Sylvi Listhaug.

<strong>Oppgangstider:</strong> Dei to statsrådane besøkte også Ulstein Betongindustri, der det er fulle ordrebøker på grunn av stor etterspurnad etter utstyr for havbruksnæringa. T.h: Asbjørn Tronstad. Foto: Svein Aam