Måndag skulle delar av parkeringsplassen ved kulturhuset i Ørsta bli asfaltert opp att, skriv avisa Møre-Nytt. Men ein bil var ikkje fjerna då arbeidet tok til.

Det enda med at Veidekke asfalterte rundt bilen som stod parkert. Overfor Møre-Nytt presiserer Veidekke at dei ikkje opplever dette som eit problem, og at bileigaren ikkje har gjort noko gale. Dei vil asfaltere den resterande flekken så snart bilen er køyrt vekk.