EL og IT Forbundet varslar ei kraftig opptrapping av streiken i energisektoren, og alle medlem er teken ut i streik frå måndag. 1091 energimontørar i 73 selskap vert teken ut. Dette inkluderer følgande selskap i Nordvest:

  • Rauma Energi AS: 15

  • Stranda Energi AS: 9

  • Sykkylven Energi AS: 12

  • Sandøy Energi: 11

  • Stryn Energi: 11

Årsaka er brot i meklinga mellom KS Bedrift og EL og IT Forbundet. Dei er ueinige om kompensasjon for beredskapsvakt.

– Sett seg lei

– No tek vi ut alt og alle. Vi har sett oss lei på motparten si manglande vilje til å sjå på løysingar som kan ende konflikten, seier Bjørn Fornes, forhandlingsleiar i EL og IT Forbundet, til NTB.

Han seier uttaket kan få dramatiske konsekvensar: Alt av vedlikehald av straumnettet vert sett på hald, og feil vil ikkje bli retta.

– Folk og bedrifter kan miste straumen. Det er beklageleg, men vi gir sjølvsagt dispensasjon dersom liv og helse er i fare. Målet er først og fremst å få KS Bedrift til å forhandle, seier Fornes.

Sykkylven

Ved Sykkylven Energi vert 12 tilsette teken ut.

– Vi beklagar på det sterkaste konsekvensar streiken kan få for kundane våre, skriv selskapet i ei pressemelding.

– Dagens samfunnsstruktur er svært sårbar dersom straumen eller vassforsyninga forsvinn. Dersom det under streiken oppstår driftforstyrringar vil vi sjølvsagt gjere alt vi kan for å avgrense følgjene, skriv dei vidare.

73 selskap

1091 energimontørar i 73 selskap vert teken ut.

I dag er 240.000 straumkundar råka. Med opptrappinga vil talet frå måndag vere 380.000.