At den amerikanske presidentkandidaten Donald Trump sår tvil om han vil godta valresultatet opprører også generalsekretæren i Europarådet, Thorbjørn Jagland.

- Det er veldig alvorleg at ein presidentkandidat seier noko slikt. Det er slik ekstremistiske krefter alltid har operert, seier Jagland til Sunnmørsposten. Han er i Ålesund torsdag for å delta på Kommunikajsonsforeningen sitt Haustseminar.

- At det vert sett spørsmålsteikn ved dei demokratiske institusjonane er med på å undergrave dei. Det ser eg på som veldig alvorleg, men eg trur ikkje amerikanarane kjem til å godta det, seier Jagland.

Europarådet er eit mellomstatleg organ som skal fremme demokrati, menneskerettar og utvikling av rettsstatar. Generalsekretæren meiner at republikanarane sin presidentkandidat er i ferd med å øydeleggje for seg sjølv.

- Det er den positive sida av saka. Det Trump sier, tyder på at han har vore si eiga verd, og ikkje skjønar at alt fell saman når han kjem utanfor sine eigne sirklar. Men det alvorlege er at han framleis har mange tilhengarar som applauderer dette. Det kan få store negative verknander i USA dersom lat oss seie 30 prosent av folk ikkje godtar valresultatet, seier Jagland til Sunnmørsposten.

Under sitt foredrag Haustseminaret til Kommunikasjonsforeningen åtvara Jagland mot ei generell høgredreining også i Europeisk politikk.

- Det er same argumentet mot globalisering og immigrantar. Det skjer ei renasjonalisering, også av lover, som eg ikkje likar, seier Jagland.

Tittelen på konferansen er «Grensesprengande kommunikasjon», og leiaren for Europarådet snakka om «Europa i endring.»

- Dersom eg berre hadde lese norske aviser, så hadde eg ikkje forstått noko av det som skjer, sa Jagland i eit foredrag der han drog lange historiske liner.

- Nye murar vert bygde - også i Kirkenes, sa Thorbjørn Jagland.

Bakgrunnen for at Kommunikasjonsforeningen har invitert Jagland er utfordringane som er knytt til flyktningestraumen til Europa.

- Eit Europa i endring, med store folkevandringar gir etiske utfordringar, også for kommunikatørar som skal fortelje historiene, eller kommunisere med hovudpersonane, seier Olav Sindre Kriken, som er leiar for Kommunikasjonsforeningen i Møre og Romsdal.

Konferansen går over to dagar og samlar kommunikasjonsfolk frå heile Norge.