Den gamle Voldahallen er 40 år gammal, og for lengst moden for utskifting. Men arbeidet med på byggje ny hall har lenge stått i stampe. No har idretten, med handballgruppa og volleyballgruppa i spissen, fått Sparebank1 Søre Sunnmøre på laget.

– Idretten tar styringa, seier Arild Bakke i handballgruppa. Han har kjempa for ny hall i 17 år.

Det vert skipa eit selskap der målet er å realisere ein hall med to speleflater til 80 millionar kroner på to år.

– For oss i idretten er dette ein fantastisk dag, seier Anita Arnesen Kragset, som har sitte i ei prosjektgruppe på veger av handballgruppa.

Hallen skal plasserast på Høgskulen sitt område. Nemnda har alt forhandla fram avtalar for ei tomt mellom Ungdomsskulen og Høgskulen - den såkalla Joplassen. Tanken er at hallen skal brukast av alle skulane i Volda. Dermed kan idretten også ha med seg kommunen, fylkeskommunen og staten på spleiselaget.

Føresetanden er at kommunen bidreg med 30 millionar, og at det vert spelemidlar for 20 millionar. Resten – 30 millionar -  må idretten og sponsorane  finansiere.

Sparebank1 Søre Sunnmøre har ikkje bunde seg opp til ein konkret sum i støtte.

– Vi har ikkje diskutert beløp, men vi veit kva som skal til, seier administrerande banksjef Stig Brautaset.

Sjølv bur han i Ulsteinvik og er godt kjend med ein slik modell for å realisere store idrettsbygg.

– Det er viktig å få til eit samarbeid mellom idretten, det offentlege og næringslivet. Og det vert lettare å realisere når poltikarane får eit gryteklart prosjekt, seier Brautaset.