– Det har vore ein veldig travel dag, men også veldig kjekk dag. Vi lanserte jubileumsboka klokka 12 i dag, og det har vore bildetaking, spørsmål og gåver. Vi har tatt oss av gjestar og foreldra våre, og det har vore mykje av alt - utanom mat, ler Brynhild Ulstein.

Ho er godt nøgd med jubileumsboka som skildrar dei hundre åra med hotelldrift.

– Vi er veldig audmjuke for det vi har. Det er ikkje alltid at ein i kvardagen klarar å tenke så mykje tilbake på det som ein gong var, men gjennom arbeidet har vi komme nærare. Foreldra våre har tatt vare på mange brev og historier, og har veldig god husk, seier ho.

– Boka går heilt tilbake til Julius Ulstein, og alt han klarte i mot- og medgang, reflekterer ho.

Etter mange år i hotellbransjen veit ho nemleg mykje om det som krevst. Det vart nemleg tidleg klart at eit liv med hotelldrift var truleg.

– Vi fekk hotelldrifta inn med morsmjølka då foreldra våre Ruth og Hallbjørn Ulstein tok over hotellet, som då også var heimen vår, fortel Solveig og Brynhild Ulstein. Dei er tredje generasjon Ulstein som kan ønskje «velkomen til oss».

– Foreldra våre dreiv hotellet i sentrum frå slutten av 50-taler til vi flytta hotellet til Varleite. I 1982 tok vi over drifta. No er vi med i leiinga av Quality Hotel Ulstein, seier dei to.

I dei siste hundre åra har hotellet vore plassert på fire forskjellige stader og har hatt forskjellige eigarar.

– Vi i familien har vore ein sentral del av hotellet si historie, så så vi tar litt plass i denne samanhengen, men dette er historia om «Hotellet» i Ulsteinvik, uavhengig av eigarskap og kven som driv.

Her er utviklinga, frå hotell til hotell. Sjå også ein større versjon i bildekarusellen øvst i saka. Foto: Per Eide

Fem hotell på fire stader

Før det nye hotellet kom på plass, har hotellet vore lokalisert på fem forskjellige stader.

Julius Ulstein starta opp med hotella. Foto: Per Eide

Først var Central Hotell på Central-tomta, deretter Hospitset og Ulstein Hotell i sentrum ved haldeplassen. Så var det til Varleite, før ein i 2016 var tilbake i sentrum.

– Han Julius var ein «blåsar». Han var ihuga Hødd-fan heile sit 103 år lange liv. Men han var ein «blåsar» også fordi han tok sjansar i forretning, og mykje fekk han også til – han var ein typisk «sunnmøring» slik sunnmøringen vert beskrive – ein med eit driv som karakteriserer entreprenøren, fortel Brynhild Ulstein.

Før første verdskrig var det god utvikling i regionen rundt Ulstein. Viktige næringar var fiskeri, fiskeforedling, jordbruk og starten på det som i dag er den moderne maritime industri. Reisande som kom på besøk trengde overnatting og etter kvart også mat.

– Men etterkrigsåra vart ein blåmåndag også her i Ulstein. Då krakket kom på seinsommaren 1920, hadde Julius «sværingen» full av saltsild som ha ikkje fekk selje då krakket kom, og tapet vart dekt av Central Hotell, seier Solveig Ulstein.

Men det var enda verre. Dei miste også Sjøborg og «Fiskarjenten» ved konkurs.

– Julius vart knust, men han mista ikkje motet. Han reiste til Spitsbergen og tok seg arbeid i kolgruvene der han la seg opp ny kapital, held ho fram.

Hotellet var i første omgang tatt over av Ulstein kommune – så var det seld vidare – og vidare – heilt til 1976. Då kjøpte Hallbjørn Ulstein Central tilbake, og det var i familiens eige til Frede Uldbæk kjøpte eigedommen og reiv den i 2003.

Ulstein Hospits

Sina Ulstein. Foto: Per Eide

Men Julius Ulstein var ikkje knekt etter konkursen. I 1926 kom han tilbake ifrå Svalbarn. Då kjøpte han hotellet «Hospitset». Under krigen vart hotellet stengt etter ordre frå tyskarane, men det opna att etter krigen.

– Han bestefar hadde så visst ikkje tenkt å gi seg. Han kom heim med opptente pengar og kjøte umiddelbart ny hotelltomt like ovanfor det som seinare vart «Haldeplassen» i Vik. Der starta han å bygge nytt hotell – og Hospitset stod ferdig med elleve rom, matsal og salong i 1927, fortel Solveig om perioden.

Ny generasjon

Etter krigen var Sina og Julius Ulstein opptekne av kven som skulle overta hotellet etter dei, og det vart den yngste sonen, Hallbjørn. Han gifta seg med Ruth frå Torvik i Romsdal i 1953, og frå 1954 flytta dei inn på eit rom på loftet på Hospitset.

I 1957 bygde Hallbjørn og Ruth Ulstein på ei ny fløy som romma nytt kjøken, matsal, selskapsrom og fleire hotellrom.

I 1964 reiv dei gamlehospitset og bygde ny moderne hotellfløy med kafeen «Mamma», ny salong, resepsjon og hotellrom. Totalt 32 rom.

Ifrå då av var namnet Ulstein Hotell.

– Hotellet hadde ikkje skjenkeløyve, men behova var der – både for tilreisande og til selskap. Løysinga var at gjestane hadde med alkohol sjølv, og det let seg også gjere å bestille, fortel Solveig Ulstein.

Til bryllaup utvikla det seg etter kvart eit fast ritual.

– Brudeparet bestilte eit rom, og der vart det vore opp mjølkespann med heime-øl. Etter middagen vart damene sittande igjen i festlokale, mens mennene sat på «bruda-rommet» med kvart sitt sugerøyr i mjølkespanna. Vi får sei det slik – Det vart stemning der også!, held Solveig Ulstein fram.

Heilt nytt

Etter kvart vart det også skjenkeløyve ved hotellet. Foto: Per Eide

På 60- og 70-talet var det gode tider. Besøket auka og det var starta planlegging av enda ei utviding.

– Denne var vel også drive av at Solveig og eg på den tida var under utdanning, og far og mor hadde nok eit håp om at vi skulle kome heim igjen og engasjere oss i hotellet vi også.

Saka vart drøfta med Idar Ulstein. Ulstein Mekaniske var ein av dei største kundane til hotellet. Idar Ulstein sa at dei ville investere i hotellet dersom det var bygd eit heilt nytt.

Dette var god musikk for Hallbjørn Ulstein.

– Eg var allereie forlova med Steinar og vi gjekk på hotellfagskulen. Han vart engasjert i planlegginga og prosjekteringa i lag med far, og entusiasmen til alle steig. Det vart prosjektert for eit hotell i tida – eit forretningshotell med a la carte-restaurand, bar og nattklubb. Det ville verte noko heilt nytt på Ytre Sunnmøre, seier Solveig Ulstein.

I 1982 opna Nye Ulstein Hotell, med ein ny generasjon i resepsjonen og på leiarkontora. Solveig og Brynhild Ulstein og familiane deira lånte pengar og danna driftsselskapet som eigde hotellet.

– No hadde vi grillrestaurant, bar, dancing med scene og fast månadsorkester. Kven huskar vel ikkje «Black Peter Band» og alle dei andre bulgarske banda? So sterkt stod konsepta på 90-talet at vi er skulda for å ha øydelagt kulturforståinga til ein heil generasjon, seier Brynhild.

Skjenkeløyve

Hallbjørn og Ruth Ulstein dreiv hotell i 66 år utan skjenkerett, men med Nye Ulstein Hotell, var som det ligg i namnet, nytt og moderne, og då måtte det alkoholservering til.

– Det tok lang tid å behandle saka, men vi skjønte tidleg at utfallet ville verte slik vi ønskte det. Likevel – når vi opna det nye hotellet på Varleite kunne folk i Ulsteinvik verte servert ein drink – og den mest populære var: «EIN SÅNN EG FEKK I SYDEN».

Tilbake til sentrum

På slutten av 90-talet at konseptet på Varleite begynte p bli gammaldags. Belegget og omsetjingar var dalande, etter kvart vart det bestemt at nytt hotell måtte til. Og 10. april 2007 opna Quality Hotel Ulstein.

– Då kjedane vi kontakta fikk presentert det maritime clusteret på Sunnmøre og Ulsteinvik sin posisjon som senter i dette, kom vi raskt fram til ei god og langsiktig samarbeidsavtale.

Partnaren vart Nordic Choice Hotels. Men også kommunen tok del i at det vart nytt hotell.

– Når vi bestemte oss for at det å flytte frå Varleite var ein god idé, så var det ei føresetnad frå vår side at Ulstein kommune vart med på å bygge eit kombinert kultur- og konferansesenter i tilknyting til hotellet. I stadig større grad kombinerer ein konsert eller et show i Skøborg med eit besøk i hotellet sin bar eller restaurant.