Ålesund står framfor ei spennande tid med mellom anna utbygging av sørsida og nybygg med bibliotek på Kremmergården. I Måløy er det ei gruppe som ser stort potensial i tomta på sentrumsfyllinga.

Der planlegg dei ein heilt ny bydel, med spektakulært hotell, nye leilegheiter, kontor, park, badeanlegg, småbåthamn og kulturhus, skriv Fjordenes Tidende.

Bygginga kan starte allereie i 2018.

– Vi meiner dette er heilt realistisk og gjennomførbart, seier Sverre Søraa i Coast Seafood til avisa.

Han har saman med Svein Skibenes og Gunnar Carlson i Måløy Eiendomsutviling, Nordwest 3D og Gro Flølo i Stryn-selskapet Farmhouse vore med å utvikla forprosjektet. Prislappen for utbygginga er på 400-600 millionar kroner.

– Viss planane for sentrumstomta vert realisert, vil det ha enorme ringverknader for næringslivet. Her i Vågsøy har vi fleire bedrifter av internasjonal klasse, og dette prosjektet vil mellom anna kunne hjelpe til med rekruttering, seier Søraa til Fjordenes Tidende.