Om ein les protokollane for Hareidstemna som ligg på nettet, så har det vore etterlyst ein raud tråd. Den var på plass i år. Med mottoet «Med kultur som lim», leia Anne Holstad festen i dei nærare fire timane det varte. Korbygda Hareid hadde meir enn kor å by på, sjølv om dei sjølvsagt også gjorde jobben.

Dans, revy, solosong og band lagde ei god breidde. Holstad set ord på kva musikk og song har å seie for menneska. At det er viktig for individet, og for å finne plassen sin. Og det kan fort blir slik. Då borna på Brandal friskule vart spurt om dei likte å synge, svarte dei «berre litt», men då dei plutseleg fekk med seg heile salen på dei songane dei innleia vart det nok heilt kjekt.

Typisk Sunnmøre

Ole Rolvsrud, til vanleg i NRK-sporten sette sunnmøringen i kontrast til austlendingen. Poenget var at når ein austlending ville sagt om Stemnefesten at «det er det mest fantastiske jeg har vært med på», så vil vel kanskje sunnmøringen seie «det var greit ditta». Ei litt avmålt roleg stemme, han prisa gründerane, og dei som berre fekk jobben gjort. Utenriksreporter Fredrik Græsvik skulle vore tilstades, men måtte sende rapport på video i frå Mosul og krigshandlingane der. Han helsa likevel det sunnmørske kakebordet. Og kaker vart det.

Og pauseprat vart det, ikkje så knapt som Rolvsrud ville ha det til, men meir kremeksempelet på ein kakafoni. Eit av høgdepunkta denne kvelden var Birgitte Grytten Velsvik som brukte den kraftfulle stemma si til å gripe publikum med soul og gospel. Med flinke musikarar frå Møremusikarane og Hjørungavåg Brassband var det solid applaus å hente. Kvart år vert Kulturprisen i Hareid delt ut på Stemnefesten. I år var det bygdebokforfattar Sverre Bjørstad som fekk prisen. Og det passa godt med den raude tråden. Å finne plassen sin i samfunnet, kva passar då betre enn bygdeboka? Han les opp eit brev i takketala si der han refererte til ei som kunne fortelje at bordet ikkje var ordentleg dekt før registerboka låg på bordet. Så viktig var ho. Det blir ikkje haust på Hareid heller før Stemnefesten har vore.