– Lavarten heiter Thelocarpon superellum, og er tidlegare kjend frå Sverige og Finland, fortel Oddvar Olsen (56).

Vi sit i den botaniske verkstaden hans heime i Hjartåbygda. Herifrå driv han selskapet FaunaFokus AS, som tek på seg konsulentoppdrag og kartlegg mose, lav og planter i samband med utbygging av til dømes hyttefelt, vegar og kraftliner.

Fascinasjon

(saka held fram under bildet)

LAV: Thelocarpon superellum er dei små, gule kulene.

Naturen har alltid fascinert han, anten det har vore insekt, fuglar eller padder. Men no dei siste åra er det særleg planter og sopp som opptek han.

– Funnet av Thelocarpon superellum gjorde eg på ein gamal stokk som låg i vasskorpa ved Evjevatnet i Aldalen i Volda.

Han tok med seg ein bit av trestokken heim, kika på han med mikroskopa sine i kjellaren – og sende dei vidare til botanikarane ved Universitetet i Bergen.

– Dei kunne slå fast at eg hadde gjort eit funn av ein ny art. Eg gjorde også eit tilsvarande funn i Modalen i Hordaland. Og det er altså dei einaste registreringane så langt i Norge. Det er likheiter ved dei to funna: Begge vart oppdaga på ein trestokk, i kanten av eit tjern.

Funnet til Oddvar er blitt lagt merke til i det botaniske miljøet i Norge, og er no omtalt i fagbladet Blyttia.

Her kan ein lese at Thelocarpon superellum skil seg lett frå dei andre artane av Thelocarpon i Nord-Europa ved dei store fruktlegema og dei store sporene.

Mange artar

For dei som måtte tvile: Lav høyrer til planteriket. Og det finst mange lavartar, drygt 1700 berre i Norge.

– Det er ikkje råd for ein mann å halde styr på alle desse artane. Men vi er nokre få tullingar som driv og samlar og registrerer dei likevel, smiler Oddvar Olsen.

– Det er iallfall artig å kunne skaffe fram ny kunnskap og påvise ein ny art i Norge, seier 56-åringen – som akkurat no held på å studere nokre bitte små soppar i mikroskopet.

– Nokre av dei er ein halv millimeter høge, og det er dei største, forklarer Olsen om funnet han har gjort.